lørdag 21. februar 2009

Bursdagsgåve, får vi håpe:)

Her er mitt fyrste bidrag i konkurransen om å strikke mest, dvs tyngst... Eg har strikka eit forsøk på ovnsvott til svigerfar. Han har behov for ein slik for å klare å handtere den glovarme ovnsdøra si. Så eg håper at denne, etter ein omgang i vaskemaskina, vil verte ca passe til formålet. Eg har brukt ein tråd ullteppegarn og ein tråd Fritidsgarn, og votten er diger no:) Den er i ferd med å bade litt i vaskemaskina, så eg får oppdatere etter at den er ferdig der!

Sidan dette er ein del av konkurransen, er vekta dokumentert. 94 gram:)


På bordet mitt har eg ein fargerik tulipanbukett. Det er litt koselig å kjøpe blomster og ta inn i stova, særleg når det er grått og regn ute!

1 kommentar:

Guttemamma sa...

TUsen takk for hilsen hos meg!! Vært uten pc en uke, derfor litt sent svar fra meg:-). herlige tulipaner du har skaffet deg!! Ha en fin helg!! Hilsen fra Anette