torsdag 12. februar 2009

Februarlua vart ferdig akkurat i tide!

Februarlua vart ferdig i går kveld, eg festa den siste tråden klokka fem over tolv. Eg måtte bli ferdig!Og lua er til meg sjølv. Eg er ikkje veldig glad i luer, men eg tenkte at denne kunne vere noko for meg. Eigentleg er den definert som ei gutelue, størrelse ca 12 år, men eg strikka den i dobbel tråd av Sandnes Mini Alpakka, og pinnar nr 3. Då vart den passe til meg! Oppskrifta har eg lasta ned frå Ravelry, ei nettside der du må melde deg inn for å få tilgang. Så dersom du ikkje er der, kan eg ikkje hjelpe med link. For dei som er der, kan eg minne om at lua heiter Stripey.
I dag måtte eg ha lua på meg, for det var skidag for skulen. Då måtte eg rekne med å vere ute heile dagen, og med snø og kulde er det godt med varme hovudplagg! Vi hadde ein herleg dag, sjølv om det snøva ganske tett på føremiddagen. Sola kom fram i lunsjtider, og då vart det perfekt:)
Alle elevane fekk lage tjukkelefser, dei klappa ut eit emne kvar og fekk steike dei på steikehelle over bål. Alle eg snakka med likte det, og det var enkelt:) Ein av lærarane måtte lage store mengder deig i går, men det gjekk også bra.
Nokre av lefsene vart tjukke og nokre vart litt svarte, men alle var gode med sukker og kanel!

Her er utsikta frå bålet mot akebakken. Eg var med på å lage langrennsløype på marka, og elevane kunne bruke bakken og marka ganske fritt heile dagen. Det er svært kjent og kjært areal vi ser på dette biletet:)
Eg passa litt på dei andre båla, vi hadde to bål til å varme seg og pølsene på. Populært!


Og så må eg friste med meir mat: Gårsdagens pannekaker, servert med rabarbrasuppe, bacon og blåbærsyltetøy. Yummy!

5 kommentarer:

solveig sa...

Flott at de tek skidag ein sånn flott dag. Er det i dag eller i morgon sola kryp over Melshornet?
Elles fekk eg lyst på pannekaker. For meg er det naturleg med ertesuppe, men eg lurer på kvar skikken med rabarbrasuppe kjem frå!
Eg har høyrt fleire snakke om den kombinasjonen.

arieldog sa...

Finst det noko kjekkare enn utedagar med bålbrenning? Og dei lefsene såg gode ut...

Frau Putz sa...

Hej Anlen
Jeg har selv været spejder da jeg var barn og ung - og ALT som laves på bål smager bare bedre. Fik helt lyst til bålstegte pølser, da jeg så dit billede - men så kom jeg længere ned i dit inlæg... og så fik jeg enormt lyst til pandekager.
Måske kan der blive tid til at lave pandekager i løbet af weekenden. Denne weekend skal vi nemlig ingenting! Vi holder fri, for de to nye katte flytter ind hos familien i eftermiddag og så vil vi gerne kose os med dem, så de falder til hos os.
Jeg kan godt lide "Stripey". Må være skønt med en hue i baby-alpakka...

AnitaK sa...

Så bra at lua var ferdig til slik en utedag. Det ser utrolig flott ut, alltid koselig med bål da. Luen ble kjempefin. Ønsker deg ei riktig god helg.

Kort og Søm sa...

Hei,
takk for hyggelig hilsen hos meg!
Den luen du har strikket var veldig fin, og pølser stekt på bål så godt ut!

Hilsen fredrikke :o)