torsdag 19. februar 2009

Griseparkering

I dag leika eg parkeringsvakt. Det gav meg ein god dag:)
Eg var på Moa, det absolutt største kjøpesenteret i regionen. Det var ein koselig dag, med barnefrie timar for meg sjølv på kjøpesenter! Årsaka var at eg var på kurs, og etter kurset vart eg att nokre timar til. Det er ikkje ofte mor får kose seg åleine på butikkar i mange timar!

Men parkeringsvakt vart eg også. Eg leita etter parkeringsplass, sjølvsagt ikkje så veldig langt unna inngangspartiet. Det regna:) Eg fann ein plass, trudde eg. Heilt til eg såg ein liten Yaris som hadde parkert på skrå, slik at det er ikkje var plass til ein bil på den "ledige" plassen ved sida. OK, eg fann ein annan plass. Der fekk eg sette frå meg bilen. Men framfor meg ser eg ein større bil som står svært skrått, han klarte å sperre 2,5 parkeringsplassar. Er det mulig?

Eg hadde ei blokk med gule PostIt i bilen. Så eg delte ut ein lapp til kvar. Ein liten bløff, for eg delte ut to fyrstepremiar...

Bileigarane fann ein lapp under vindusviskaren:


GRATULERER! Dagens verste griseparkering!



Om ikkje anna, håper eg at dei fekk eit snev av dårlig samvittigheit. Og eg fekk noko å kose meg over;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

hehe , genialt ! :D Den må jeg huske til vinterferien og påska... ;)

Josefine

ariel sa...

Kjempetiltak Dei fekk seg nok ein stuss, men det kan no hende dei lærte av det vesle "stuntet" ditt likevel.

Anita K sa...

Hehe, så gøy, bare bra at slike parkeringsgenier får seg en liten lapp på ruta. Ha en fin helg :)