onsdag 4. februar 2009

Hurra, eg har bilde:)

Dei siste dagane har det blitt nok pizza på meg... Eg kom på at eg skulle lage pizza til middag mandag, mest fordi det passa bra til ingrediensane eg hadde i kjøleskapet. Mandag kveld var eg på årsmøte i koret, og fekk jammen servert pizza! Det var totalt uventa, men veldig godt:)
Og i går kveld var eg på besøk hos ei familie som eg kjenner fordi eg har norskopplæring av borna. Gjett kva eg fekk servert: jauda, det var pizza.... Og den var også god! Vegetarpizza, med mykje god smak.
Bildet er frå den fyrste pizzaen i rekka.

Sokkane vart overleverte, men måtte bli med heim igjen. 1 cm lenger på kvar sokk, og så er dei perfekte. Desse bilda er frå før eg måtte strikke litt til:)


Eg kjenner at eg har lyst til Tyrkia på ferie i sommar. Eg veit ikkje om det vil gå, det er mange som gjerne vil låne leiligheita til foreldra mine i sommar, trur eg... Det er klart vi kan reise til ein annan plass, men det er noko veldig avslappande med å bestille flyet, og så vite at du har ein flott plass å bu. Ingen fare for at du vert skuffa over dårlege hotell og små rom/leiligheiter. I Oba er det supert å bu:) Oba er rett ved Alanya, byane heng eigentleg saman. Likevel er det roleg i Oba, og vi er litt kjent i området.
Når eg har lyst til Tyrkia, er det mykje som fristar: Basseng, strand, sol, avslapping og god mat. Ferskt brød frå bakaren rett over vegen kvar morgon, til ein billeg penge. Og restaurantmiddag, helst på NEV. Det er ein skikkeleg restaurant, med litt stil. Likevel er maten rimeleg, også i forhold til tyrkiske prisar. Kanskje fordi plassen ikkje var så lett å finne. Det vert raskt dyrare dersom du vil gå i turistløypa!

5 kommentarer:

May-lill sa...

Hei var innom og så på din fine blogg. Så fikk jeg se at det var en annen som og likte tyrkia. Vi reiser til tyrkia , alanya to ganger for året.I fjor sommer var vi der 7 uker. bor på et lite tyrkisk hotel.skal 5 uker til sommeren. dette var en liten hilsen fra en som begynte å lengte til sommer sol og bading.

Anonym sa...

E det monge so skal dit i sommar? Ej he super duper lyst ej mæ, men he jammen ikkje penga. Heldigvis siste våren ej absolutt ikkje he penga i det heile tatt :)

Anonym sa...

Dagny: Eg er ikkje sikker, men PM sa at M hadde snakka om at dei ville. Og så skal vel gamlingane ein tur sjølve;) I tillegg til den andre gjengen som blandar seg inn, da!!

Monicas sa...

heisann..,.,,.for en koselig blogg du har. Pizza ja, det har æ i ovnen nu etter sambo sitt ønske.
Godt med gode lesta...kommer hit igjen æ på besøk

Tove sa...

Jeg har hatt lasagneopplevelse som likner din pizzaopplevelse denne uken... *ler*

Tyrkia høres deilig ut, nå fikk jeg lyst tilbake også! Har vært der en del ganger etterhvert, og for meg er det fast med hamam. Fantastisk deilig! *drømmer meg bort til sol og varme*