torsdag 26. mars 2009

Da klokka klang så fort vi sprang

og ingen stod igjen og hang...

Eg hugsar at eg sprang til skulen, så fort eg berre kunne. Mamma hadde sagt at eg måtte gå no, for det var 20 minutt att til det ringde inn. Eg gløymde å ta omsyn til at det tok 4 minutt å gå til skulen frå huset vårt:)

På facebook hadde ein tidlegare klassekamerat lagt ut bilde av oss frå 1. klasse. Det er aldeles fantastisk! No vart bildet veldig lite, men eg kan vel mimre litt likevel.


Bildet er tatt våren 1979, trur eg. Det er faktisk jubileum i år:)

Eg står midt i flokken, med kort hår og raud gensar. Det har eg enno. Vi hadde "Frøken" i dei dagar. Eg vart veldig god venninne med dottera til vår Frøken etterkvart, særleg frå ungdomsskuleåra. Likevel vart ho eigentleg alltid Frøken, ikkje fyrst og fremst mora til RM. Vi var ganske heldige, vi hadde henne i mange år. Dessverre vart ho sjuk ca i 4. eller 5. klasse, så vi hadde stadige vikarar. Det øydela klassa mykje, vi vart ei bråkete og uroleg klasse. No hadde sikkert fleire blitt vurderte med tanke på ADHD, men slik var det ikkje då!
I 6. klasse fekk vi ein ny lærar, nyutdanna, utan erfaring på distansen. Stakkars mann, det var så vidt han torde å søke på jobb året etter. Han trudde ikkje han egna seg til å vere lærar. Men det gjorde han, og han er ein dyktig lærar!

6 kommentarer:

Annika sa...

So skjønne dokke va!! Kanskje ej skal få skanna inn mine klassebilde også... Ikkje slett so gamle mine bilde då... Ganske nøyaktig 10 år yngre... Helsing ho so fikk litt sjokk når avisa låg i postkassa i dag tidli...

Annika sa...

Heldigvis har det berre vore kjekke kommentarar i dag. Men det er rett nok Ulsteinvikara stort sett då - so reaksjonane kjem vel i avisa laurdag viss der e nåke... Det kom vel greit ut tenke ej..:)

Men ej vakje forberedt på framsida attme na Tor då. Haha...

solveig sa...

Eine dama på kurset i dag samanlikna lærareksamen med førarkort, ein vert betre med erfaring......

Anonym sa...

Halloen. Innom for å ønske deg ei fin helg :)
Klem fra Ronille

Hannes hage sa...

Artig å mimre tilbake. God helg.

Hobbymegher sa...

Haha! Er det ikke herlig med slike bilder! :0)
Nydelig hv-gave du har fått! :0)