fredag 27. mars 2009

Korpshelg!

Musikanten min er med på NM i Trondheim i helga! Det er ikkje verken ski eller anna sport, men NM for janitsjar. Han har fått bli med SJORK, Sykkylven Janitsjarorkester. Det er berre eit prosjektmedlemskap, han har vore med der ein del no etter nyttår, så han skulle få bli med på NM. Eg er spent på korleis det går!

Men det er jammen korps her heime også. Skulekorpset er ansvarleg for å arrangere den store Vårkonserten, der alle korps i kommunen, 5 stk, er med på ei øvingshelg med konsert søndag ettermiddag. Eg skal stille med to kaker, kaffi og arbeidskraft.


Mon tru om vi er slik??

1 kommentar:

AnitaK sa...

det er i alle fall mange som er slik, men man skal være så stolt man bare kan over sine barn, om de marsjerer i takt eller ikke :) plutselig en dag er de stooore :)