fredag 17. april 2009

Det blomstrar!


Eg er veldig imponert over den mørkeraude primulaen min:)
Denne har blomstra i heile år! Nokre av blomstrane var kanskje litt slappe midt på vinteren, men det er vel ikkje anna å vente. Eg hadde også blitt slapp av å ligge under snøen i fleire veker!

No har det kome nye blomster på den, og i tillegg har eg både små og store påskeliljer. Det er ikkje så lett å sjå på eit dårleg mobilbilete, men påskeliljene midt på biletet er berre 8-10 cm høge. Det er stor forskjell på dei og vanlege høge påskeliljer. Eg trur det er minipåskeliljer frå i fjor. Søte, ja?

Ingen kommentarer: