mandag 6. april 2009

Kjole!

Hugsar du at eg sukka over å ha ødelagt ein vest/tunika for nokre veker sidan? No har eg tatt konsekvensen av slik øydeleggande åtferd... Gullungen måtte få ein kjole som erstatning.

Oppskrift hadde eg ikkje, eg tok eit par pinnar nr. 2,5 og nokre nøster av ulike alpakka-typer. Det lilla og mørk koksgrå er Sandnes MiniAlpakka, det rosa er Inca frå Rauma.
Etter nokre diskusjonar med ei prinsesse og ein gullunge vart det knappar til pynt på kjolen. Resultatet er ikkje så verst.

3 kommentarer:

Greta sa...

Det vart ein skikkelig søt kjole. Knapper gjer seg alltid.
Ha ei strålandes påske

Frau Putz sa...

Åh, så fin den er.
Husk ´nu... håndvask! :o)

Fortsat god påske!

Maria sa...

Så fin den nye kjolen vart! Surt å "miste" den gamle, men denne er jo ein veldig verdig arvtakar. :) Ha ei fin påske! Ser koseleg ut med brettspela de har kjøpt!