onsdag 1. april 2009

Påska er redda:)



Gule lys, egg, kyllingar, kryssord, krim, godteri i påskeegg... Jada, det høyrer med. Men no ligg det til rette for ei staselig påske! Vi har to nye spel i heimen, Alias og Ticket to Ride. Eg er ikkje sikker på kva som kjem til å bli spelt mest, men eg veit at begge kjem til å bli brukt! Det er ei lita ulempe at Alias må spelast med minst 4 spelarar, så det er greitt å kunne ty til Ticket to Ride dersom vi er berre 2 eller 3.

Alias er eit spel der du har to eller fleire lag. Ein på laget trekkjer kort, der det står ulike ord. Du skal forklare til den andre på ditt lag kva ditt ord er, men sjølvsagt utan å seie ordet. Det er om å gjere å få flest mogleg ord på den tida du har til rådigheit.

Ticket to Ride er kjekt. Hovudelementet er å trekke kort, og ut frå korta du har på handa skal du bygge togbaner i Europa. Det er ein kombinasjon av litt flaks og litt strategi. Du får ekstra poeng for lange togstrekningar, og du kan øydelegge for motspelarane dersom fleire treng same togstrekning. Eg likar at flaks er eit element, då har eg ein sjanse mot dei som er dyktige strategar....

Begge spela er meinte for dei store, "aldersgrensa" er sett til 7 og 8 år.
Eg såg begge på ein Libris bokhandel i nærleiken i dag:)
No vert det påskekos!

6 kommentarer:

solveig sa...

Etter kurset har det vore mykje snakk om "Alias", og eg hadde tenkt å skaffe meg det. Kan eg spørre kvar du fekk tak i det? Er det andre eit geografispel, eller?

Anlen sa...

Oppdaterer hovedinnlegget, eg:)

solveig sa...

Takk for opplysningane!

AnnetteK sa...

Ticket to Ride er kjempemorro!! Vi har spilt det mange ganger, og det er like morro hver gang!

Anonym sa...

woho! count me in!

May-Iren sa...

Hei! Jeg har forresten en utfordring til deg på hjemmesida mi. Fant ut at jeg skulle legge utfordringen videre til folk jeg ikke kjente. Spennende :-)