søndag 12. april 2009

Påske i fjellheimen

Det er ein litt rar ting, dette med påskeferie og hyttetur. Kvifor skal vi oppsøke vinteren når det endeleg går mot vår her heime? No har eg innfunne meg med at slik er det, og det er jo eigentleg ganske fint, da. Vi brukar å tilbringe delar av påska på hytta til svigers på Lesjaskog. Ein av dei tinga som er populært, er å skyte med luftgevær....
Gullungen (som forresten er stor nok til å kreve å bli kalt prinsesse) har ikkje prøvd å gå på ski før, men no fekk ho prøve. Det var ikkje mange meter, men ho gjekk i alle fall på ski. Det var viktig å gjere sjølv:)


Nedanfor hytta er det ein flott bakke som skulen og barnehagen i bygda brukar ein god del. Det er mellom anna laga til ei fin grue. Det ligg til og med nokre vedkubbar der, men vi tok med oss nokre kubbar frå hytta:)Ingeting er så godt som grilla pølser med litt røyk og bålsmak!


Yngstemor prøvde ski for fyrste gong. Men også storesystera fekk prøve noko nytt: Slalomski! Ho har aldri hatt lyst til å prøve, men no tok vi med slalomskia til bakken og prøvde i ro og mak. Det var litt nifst, og litt sure miner då det ikkje var så lett som ho hadde håpa... Det var likevel ein suksess, og fleire økter vart brukte i bakken. Ei herlig blanding av langrennski, slalomski og akebrett i ulike fasongar gjorde at det var kjekt å vere ute.


Eg har strikka ein del, og lovar å kome med oppdateringar om dette i morgon;)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Morsomt at de vil prøve både langrenn og slalomski , det er jo så gøy ! :)
Ja , det er en kjekk akebakke i Åkran :) Der har jeg vært med barneskolen flere ganger .
Men vet du , jeg satt i et hus ikke langt fra hytta di når du sendte mld til meg , var hos en kamerat på middag... Hadde jeg visst vi var så nær hverandre...

Josefine / Helene

anjahsh sa...

Hei!
Ser dere har hatt det flott i påsken.
Ønsker dere en super uke:)

Annika sa...

Ser ut som dokke he hatt ei kosli påske på hytta. Vi har kosa oss heime,vel nøgd med at her går d mot vår;-)

ariel sa...

Koselege bilete! Eg blir heilt ør av å sjå bilete med snø og sol - kunne tenkt meg eit par veker til med påskeferie og silkeføre, eg!

KRØLLEMIKKEL sa...

Ser ut som dere har hatt det fint på Lesjaskog. Mine hjemtrakter!
Skjerfet var også kult.
Ønsker deg en fin uke