torsdag 2. april 2009

Utfordring i dag

May Iren har sendt meg ei utfordring. Den er ganske enkel: Gå til bileta du har lagra på pc-en din. Finn bilete nummer 6 i mappe nummer 6. Så skal det leggast ut, og utfordringa skal sendast vidare til 6 nye bloggarar...



Dette biletet er eit av mange som vi tok for å ha dokumentasjon på korleis det store partyteltet skal settast opp. Det er skulekorpset som har ansvar for teltet, som vert leigd ut fleire gongar i løpet av sommaren. Då er det foreldra i korpset som må vere med på å sette opp teltet. Kanskje er det greitt å ha nokre bilete av korleis det skal sjå ut til slutt... Ein ekstra bonus er å kunne dokumentere her at det var nydelig ver i fjor sommar. Det vil sikkert bli enda betre i år!

Og kven skal vere dei heldige mottakarane av denne utfordringa?
Eg plukkar "i blinde":
Cecilie
In-my-mothers-name
Ejlis
Wencha
Sigyn
Musikanten kan også få vere med i det gode selskap:)

2 kommentarer:

randi K design sa...

Da har jeg tatt utfordringen! Takk!

cille sa...

Skal se hva jeg får gjort iløpet av helgen. Morsomt med slike utfordringer. Ønsker deg en flott påske, så sees vi her inne!