lørdag 23. mai 2009

Gratulerer med dagen til meg!

Hurra for meg! Det er fint med bursdagar. Og at det er eg som vert eldre, er ikkje noko problem. Alternativet er langt verre, ikkje sant? I dag har vi hatt kaffislabberas, uten for mykje stress. Ofte har eg servert litt "skikkeleg" mat også, men i dag annonserte eg kaker og kaffi. Dermed vart det enklare og mindre stress på førehand. Behageleg å kunne bruke dagen til å ordne i huset, lage litt kakemat og elles ha kvilepuls. Vil du smake?
Fruktsalat med granateple i! Det er jentene sin absolutte favoritt, dei elskar granateple. Eg såg då eg rydda ut at granateplebitane låg att i nokre av skålene, så det er ikkje alle som likar det:) Hadde minstemor sett det, hadde ho plukka restane av skålene uten å nøle...

Dette er litt sært. Eller forresten: Det er veldig sært. Svigerfar fortalde at han ein gong i fortida hadde smakt dessert av surgras. Sidan har gubben fått jentene til å plukke store mengder surgras... I dag vart surgrasdessert sett på bordet i selskapslivet også! Det var ikkje alle som torde å smake, men det smakar faktisk ganske godt. Dersom du likar rabarbrakompott, er dette ganske likt. Og eg laga det som eg hadde laga retten av rabarbra. Det er viktig å ikkje bruke for mykje av den nederste, grove stilken. Nam med vaniljesaus! Minstemor åt det uten noko tilbehør, og ho sette til livs fleire skåler:)

Eg lurer på om det var flaks eller veldig god planlegging? Eg fekk bursdagspresang frå min hemmelige venn. Heganikva, tusen takk!! To nydelige, raude nøste Tynn alpakka, te, sjokolade, og ein stor haug lekre treperler. Eg har lagt planar om eit makramesmykke!

8 kommentarer:

Frau Putz sa...

Gratulerer med fødselsdagen.
Det ser ud som om du havde en vældigt LÆKKER fødselsdagsfest. Yummi.
Heldig timing med gaven fra din hemmelige ven. Skøn farve på den tynde alpakka. Kunne blive et fantastisk sjal... :o)

solveig sa...

Gratulerer med dagen! Interessant med surgrasdessert. Det har eg ikkje høyrt om før. Men kva skulle vere gale med det? (viss ein ser vekk frå plukkinga...)

Kristin sa...

*sukk* Litt trist at ingen (merk:Pål) gir mej hint om at mi vordande svigermor he bursdag!
Men i alle fall; GRATULERER SO MYKJE MED OVERSTÅTT! Skulle gjerne smakt den surgrasdesserten..! ;)

arieldog sa...

Gratulerer med overstått - og takk for tipset om surgras! Og om graateple i fruktsalaten òg, forresten - det såg veldig lekkert ut!

Tove sa...

Gratulerer så mye med overstått bursdag! Huff, nå fikk jeg lyst på kake... *krysser fingrene for at det ihvertfall kommer en dessert i middagsbesøket hos foreldrene mine i dag*

Elins Strikkeri sa...

Nam nam, her var det mykje godt!! Kansje ein ide å prøve granateple i fruktsalaten neste gang. Grattis med overstått og ha ein fortsatt god søndag:-)

Hanne sa...

Gratulerer med gårsdagen! Fristende kakebord - her i huset er vi også veldig glad i granateple i fruktsalaten.
Syregressgrøt har jeg aldri hørt om før - morsomt!
Fin presang fra Hemmelig Venn!
Pludrehanneklem

Judit sa...

Gratulere med dagen her også. Når jeg ser alle gode kakeborda du laga skulle jeg ønske jeg bodde nærmere deg!