torsdag 7. mai 2009

Gratulerer til alle i bygda:)

Dagen var ein suksess!
Vi har hatt den store markeringa av at skulen er (så godt som) ferdig. Eg ramsa opp i forrige innlegg, og lova å kome tilbake til korleis det gjekk. På førehand var eg sikker på at det kom til å bli slitsomt, kaotisk og litt stressende. Men alt flaut fint, og elevane oppførte seg bra. Det er jo fint med nye skular, sjølv om det meste av bygget er renovert, det er berre eine fløya som er heilt ny. Det du ser heilt til venstre er nytt, men det viser jo ikkje så godt på dette biletet.
Litt pynt er det jo plass til:)

Dagen var delt opp i mange ulike aktivitetar. Eg var saman med 7. klasse, og fekk vere med på ein time i klasseromet, ein time i mediateket der det var kafé og liten scene der borna fekk opptre. Deretter var vi ein liten time i gymsalen, der 2. og 7. klasse samarbeidde om programinnslag. Eit av høgdepunkta var då 7. klassingane stilte opp saman med dei små 2. klassingane og song Postmann Pat med stor innleving. Fantastisk når dei tør å vere barnslege! Dei song også Mamma Mia:) Eg må vel også nemne at 7. klasseelevane tapte mot foreldra sine på fotballbana, og vann songkonkurranse mot kommunestyrepolitikarar...

Over her er altså 2. og 7. klassene, dei er omtrent 65 tilsaman.

Under ser du alle elevane på skulen. Dette biletet er frå mediateket, der vi måtte ta den offisielle opninga. Eigentleg skulle dette foregå ute, men veret var ikkje på vår side. Då alle måtte inn, vart det ganske trangt... Vi hadde nemlig litt over 200 elevar i felles skulekor, mange foreldre og andre interesserte samla. Eg er kanskje lett å glede, men når elevane får sleppe til og nesten får taket til å lyfte seg, då er det stas! Korpset spelte flott, og elevane song eit potpourri av nasjonalsongar. Dei har øvd mykje, og det høyrde alle:)Korpset står i venstre hjørne, og alle dei andre elevane tek resten av plassen der framme...

Slik ser skulen ut frå ein kjent vinkel;)

4 kommentarer:

solveig sa...

Det var eit flott opplegg! Det ligg mykje arbeid i eit slikt arrangement.

Annika sa...

Gratulere me flott opning! Ej e skikkli lei mej for at ej ikkje fekk det me mej, men ej kom inn døra halv sju heime, ette møte i ungdomsrådet, må gjer en innsats i nabobygda også... ;)

Men ej håpe ej fe anledning å titte på skulen en gong likevel...

Judit sa...

Grattis med "ny" skule! Ha ei fin maihelg. Er ikkje så aktiv på bloggfronten om dagen.... Skal snart skjerpe meg, men diverse duppeditta jobba mot meg om dagen:-(

Anonym sa...

Gratulerer ! Morsomt å få et glimt av skolen din :)

Josefine