søndag 3. mai 2009

Hekla sommarlue med paljettar


Jepp, det vart bruk for garnet med paljettar. Dette er ei lue til prinsessa. Etter å ha prøvd ulike versjonar og rekt opp att minst tre gongar, er dette resultatet. Mottakaren er fornøgd, ho fekk velge litt korleis den skulle bli. Det er altså ikkje brukt oppskrift. Garnet er Bomull-Lin, og med paljettgarn som effekt i kanten.

Det skal glitre litt av prinsesser:)

4 kommentarer:

LindaE sa...

Heisann! No blei eg nysgjerrig- kvar på Sunnmøre bur du??? Kjempefin lue, forresten- eg har ei jente på fem år som hadde likt den der!

Dagny sa...

Ej e so gla for at vi skal ha hekle/strikke-kurs til hausten. Kombinert me kreativitetskurs! Gler mej ;)

Anlen sa...

Dagny: Klart vi skal ha kurs! Og det beste er at betalinga skjer i form av barnevakt:)

nragnhild sa...

Så fint det vart med paljettane der da! :) Er innom her og ser stundvis, er berre ikkje flink nok til å legge att spor kvar gong... :)