fredag 1. mai 2009

Kom Mai, du skjønne, milde!

!. mai! Skulle kanskje gått i tog, med paroler og kamprop. Eller så skulle eg latt dei bondske genene slå ut, og spreidd litt møkk i hagen :) Men eg gjorde ingen av delene...

I dag har eg kosa meg, slappa av litt i sola, laga middag og lite anna på kjøkenet. Det vi har brukt mest tid på, er å innreie barneroma. Eldstemor har flytta frå eit soverom til eit anna, for å gje minstemor eit rom sjølv. Det er veldig stas for begge to. Og ganske mykje arbeid for oss som skal gjennomføre flyttinga. Prinsessa hadde veldig lyst på familiekøye, der ho skal sove oppe og lese kveldsboka nede. Det er ein god plan, for eg elskar å ligge ved sida av ei av jentene og lese bok eller Bamseblad.

Det har blitt nokre sensurerte gloser i dagens løp. Det er ikkje alle produsentar av flatpakka møblar som er like dyktige og gjennomførte som t.d. Ikea. Det er eigentleg mykje som kan gå gale når ein står der med fjøler, skruar og trepluggar, og ei litt knapp monteringsanvisning. Men det gjekk rimeleg bra, med unntak av at det mangla ei fjøl... Jammen klarte gubben å ordne det!

Berre sjå kor herlig det er å få ny seng! I morgon skal vi på tur og handle meir småting til romet. Eg har lyst på puter i friske fargar til å legge i underkøya, og så må vi vel ha teppe på golvet. Det står att ein del anna også, men det fungerer.

Elles har eg laga eit nytt smykke. Det er kjekt med makrame!!

1 kommentar:

mimouna sa...

Koselig med slik seng, og den så jo ut til å passe perfekt inn under skråtaket.

Fint smykke, makrame er gøy! Fikk lyst til å prøve jeg også. :o9