torsdag 7. mai 2009

Open dag på skulen

Det er ein behageleg dag i dag. I alle fall så langt... Det vil nok bli både hektisk og kaotisk seinare.

Skuledagen er flytta, så alle elevane skal vere på skulen frå 12.00 til 18.00, det betyr at eg også skal det. Dagen blir heilt spesiell på mange måtar. Det blir kafe i mediateket, konsertar med klassene i gymsalen, opne klasserom med ulike aktivitetar, fotballturnering mot foreldra, grilling i grua og høgtideleg opning av den nye skulen vår.

Det vert nok meir om dette seinare:)

1 kommentar:

Annika sa...

Eg skulle gjerne ha vore innom, men eg blei fast i møte i Ungdomsrådet litt for lenge:(

Håper dokke har hatt ein fin dag!