fredag 8. mai 2009

You can leave your hat on

I mai burde det ikkje vere behov for luer. Men no sovna gubben nettopp på sofaen, og idet han heldt på å sovne spurde han fint om å få eit teppe. Det er ikkje sommar ute. Regn, vind, surt og ekkelt. Æsj!

Dette er ei enkel lue, og så stilig! Det kan bli fleire av den, kanskje...

Er du interessert i oppskrifta? Klikk her! Eg brukte Smart-garn, fordi det passa slik. Eg hadde eit nøste som eg hadde brukt berre litt av, og eg hadde eit håp om at det skulle vere nok. Jaja, eg måtte berre kjøpe litt meir... Og det endelege resultatet viser at lua veg 49 gram, etter at eg klipte av litt trådendar. Så no har eg eit nytt nøste som må brukast til noko. Slik går no dagane.... Men denne gongen kjøpte eg eit koksgrått nøste også, så eg skal få brukt det til noko, skal du sjå:)

Denne lua går nok til gåvekassa mi. Den er litt knapp til meg, men så har eg veldig stort hovud, så den er sikkert passe til dei fleste andre!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott lue !
Den frister meg også... Men bør kanskje bli ferdig med ett av prosjektene mine først.. ?

God helg til deg og dine :))

Josefine

Frau Putz sa...

Sød hue. Ville sikkert også kunne bruges som "sommerhat", hvis du strikkede den i tyndt bomuld og med "rullekant" nederst.
Ser vældig stiligt ud til små piger synes jeg.
Du strikker så meget fint, Anlen...