onsdag 10. juni 2009

Variasjonar over eit tema

Eg har besøkt Kristiansund i går og i dag. Det var ein fin tur, og den kom i stand fordi eg er tillitsvalt. Spennende saker, som eg ikkje har så mykje erfaring med. Men det er ein lang tur fram og tilbake! Det vart ei lue kvar veg.... Den mørke vart strikka på veg nordover. Den andre, med rosa kant, vart strikka av det garnet eg hadde tilgjengeleg på turen sørover. Begge har ein kombinasjon av alpakka og babyull. Mønsteret er omtrent som på den rosa lua i forrige innlegg, men med anna felling på toppen.

Her ser du den eine lua over lampen på hotellromet mitt:

På formiddagen i dag måtte eg knipse utsikta frå romet. Det sit altså to menn på eit tak her, litt til venstre i biletet. Eg såg ingen teikn til arbeid på taket, men eg reknar med at dei hadde ein god grunn til å site der. Kanskje ville dei ha god utsikt til turistskipet som ligg ved kai;)

Ha ein fin dag!

3 kommentarer:

Elins Strikkeri sa...

Flotte luer, godt å ha på lur når hausten kjem. Kjekt å ha litt handarbeid på slike turer,ha ei fortsatt fin veke:)

AnitaK sa...

Jeg ser at du har avansert til to luer på én tur:) Mindre synging og mer jobb på denne turen da... Neste år er visst turnstevnet planlagt til å være i Elnesvågen, så hold pinnene klare..Ha en suuper dag

Judit sa...

Her var det lueproduksjon ja,flotte luer! Kjekt med produktive møter;-)

God helg!!