fredag 17. juli 2009

Glimt frå ei ferieveke

Den fyrste ferieveka er vel eigentleg straks over. Og no er det snart klart til Tyrkiatur! Vi får ikkje med oss eldstemann, men han får jobben med å passe huset:)

Kva har vi så fått gjort denne fyrste veka?
Jau, vi har besøkt svigerinne og svoger og fått krabbe! Og der helste vi på tre nydelige kattungar, blant anna denne. Eg fekk lyst på kattunge, men vi fekk tydeleg bekrefta at det er ikkje lurt. Prinsessa er allergisk mot kattar, og kattungane er så søte at ho ikkje klarer å halde nødvendig avstand... Heilt forståeleg, når ein ser slike små nøste.

Moldejazzen fekk eg fortalt litt om i forrige innlegg. Elles har gubben laga mur! Den vart vel flott! Muren skal berre stramme opp litt og gjere uteplassen litt meir ryddig.
Mitt prosjekt var å stramme litt opp på soveromet til prinsessa. Ho har kvit køyeseng, og no måtte ho få nytt nattbord. Eg mala nokre strøk med kvitt på eit gamalt furunattbord. I tillegg har eg mala skuffefrontane på det gamle skrivebordet i same farge. Det vart stilig! Frontane var raude, og det vart litt for dominerende. Eg leitar etter dei perfekte gardinene.... Ikkje at det trengs, for ho har persienner, men likevel er det fint med litt gardiner!
I hagen kan vi no nyte mange flotte fargar!


I dag var vi på hyttebursdagsfeiring til ære for eit syskenbarn. Det var mykje gildt folk samla, ein kombinasjon av hans vener og sysken/ syskenbarn. Hytta er perfekt plassert ved eit vatn her i kommunen. Vi har mange gode minne frå denne staden!




I garnkassene mine fann eg noko ullteppegarn som berre var til overs. No har eg hekla eit par tøfler, og tova dei. Det er enno litt garn igjen, men ikkje nok til eit par tøfler til. Så då må eg tenke litt....

4 kommentarer:

Hannes hage sa...

Så mye dere har fått gjort i ferien! Muren i hagen er bare så flott, kunne veldig godt ha tenkt meg en slik mur i hagen min også. Det ser så ryddig og flott ut. Skjønne blomster har dere også, Den orange liljen var virkelig litt av et syn.
Det er moro å kunne bruke malekosten og få "nye" møbler. Sikkert litt av en jobb å male nattborden, med en del kriker og kroker. Ønsker deg en fortsatt fin ferie, og riktig god tur til det store utland.

mimouna sa...

Kjekt med sommeferie! God tur til Tyrkia, kos dere!

Judit sa...

Heisann, no er vi heime igjen, men heldigvis litt ferie igjen:-) Hils til gubben og si at muren ble veldig fin! God tur til Tyrkia og fortsatt fin ferie!

Stubbetufsa sa...

Jeg likte de tøflene