torsdag 2. juli 2009

Kven slo av sola?

Trur du at eg bomma i dag? I går var eg på jobb, då var det strålande flott sol heile dagen. Og i dag var eg ikkje på jobb.
Kven slo av sola? Eller kven gav løyve til at denne skodda skulle få lov til å legge seg framfor sola??

No rakk eg å vaske huset før neste bilete. Og det hjalp!

Det er fint med litt skodde, så kan vi glede oss over at den lettar. Dersom den gjer det:) I nabokommunen er det mykje meir skodde enn her, det er sikkert noko med at vi ligg meir heldig til. Vi har til gjengjeld meir vind på denne sida av øya. Desse siste dagane har vi forresten knapt hatt eit vindpust!


Då eg hadde god samvittigheit, reint hus og to søte jenter springande rundt føtene, vart det ein tur på badestranda. Det er alltid kos.

3 kommentarer:

bodil sa...

Hei.Det er ikke bare på Sundmøre att det er skodde.Vi har o på Nordmøre også.Sola bryter jenom mitt på dagen.Ha en riktig fin Sommerhelg Bodil

Judit sa...

Hehe, bra med nokre innlagte solpauser:-) Vi har vore innom Hareid et par dager og skal no vere i Ålesund over helga. Går visst glipp av Return-konserten....Sjåast en gang i neste veke!

mimouna sa...

Her er det utrolig varmt nå,nesten litt misunnelig på den tåken. Men vi skal vel ikke klage. :o)