søndag 16. august 2009

Vil du ha billige strikka skjerf? Besøk Alnes fyr!

I dag har vi besøkt Alnes fyr. Ein fin tur, trass elendig ver. Det regna slik at vi ikkje hadde lyst til å spasere rundt og nyte naturen, men vi fekk kjøpe gode sveler og kaffi på fyret. Og det er nydelig utsikt frå fyret, også i overskya og regn.

Giske har ei sjarmerande lita kyrkje som vi aldri har sett på innsida. I dag var vi så nær som vi aldri har vore før... Det var ein turistlass på omvisning i kyrkja, så vi kunne titte inn, men vi kunne ikkje få vere med på omvisninga. Det vart litt for lenge for borna å vente, så vi reiste vidare i staden.
No skal du få sjå noko lekkert. Eller irriterende, kanskje? Kameraet mitt klarer ikkje å koble inn blitsen, så biletet er ikkje av topp kvalitet. Men på Alnes fyr sel dei litt lokalt handarbeid, litt kunst og diverse. For eksempel tova vesker, strikka leggvarmarar og desse skjerfa. Det er flotte skjerf, i skikkeleg ullgarn, med havskummønster. For meg er dette "bunadstrømpemønster", men det er flott i skjerf også.
Eg vart jo nysgjerrig, og sjekka prislappen. Då vart eg rett og slett litt sur. 140 kroner? Det er nesten berre for garnet! Det var tilsvarende lave prisar på dei andre strikka tinga, og mannen min konkluderte med at dette skulle vere produsert på 20 minutt for å bli selt til den prisen...


Vi avslutta med å kjøpe middag, og det er jammen lenge mellom kvar gong eg får så god oksesteik! Trur eg må lage oksesteik litt oftare sjøl, det er jo så godt:)

2 kommentarer:

Epletreet sa...

Helt enig med deg! Alt for billig. Kanskje man skal kjøpe opp lageret og selge det på julemessa (fleip)
Ha en fin uke!

Mosbøjenta sa...

Hei! Sikkert en fin tur ja. De strikka tinga var altfor billige. Har sendt deg adr. mi, si fra hvis du ikke får den da, jeg sendte den til deg i forrige uke også, kanskje det er noe galt en plass?!
Ha en fin uke..:o)