søndag 13. september 2009

Kva om du vann 46 millionar?

Eit oppslag på nettet om V75-premien på 46 millionar gjorde at eg vart litt filosofisk. Kva om du vann denne premien?

No var det eit andelslag som delte premien, så dei fekk "berre" 4,6 mill kvar. Det er ein litt meir overkomeleg sum, men likevel mykje pengar for dei fleste av oss.

Men tenk deg at du fekk telefon om at du har vunne 46 millionar. Kva er det fyrste du ville ha gjort? Og er dette eigentleg ein hyggeleg telefon?

Etter nokre dagar ville nok venane strøyme til;) Vener du kanskje ikkje visste at du hadde. Og tiggarbrev frå heile landet...

Eg trur at eg hadde klart å kose meg med 3-4 millionar, men 46? Det er avsindig mykje pengar! Så då må vi gje vekk ein god del, til korpset, til koret, kanskje til nye leikeapparat på skulen og i barnehagen. Ein lang og god ferie med heile storfamilien, til eit eksotisk reisemål. Cash til søsken, svigersøsken, besteforeldre og foreldre?

Men så startar det. Kvifor kan ikkje du betale lånet til den nye bilen for svoger X? Kan du legge i litt ekstra slik at veninne Y får kjøpe den leiligheita? Hei, no ser ei søster at den andre søstra fekk meir enn ho, så då er det URETTFERDIG....
Eg trur at slekta hadde oppført seg fint. Men eg veit jo ikkje;)

5 kommentarer:

Erica sa...

46 millioner er for mange penger for et vanlig menneske (les: ikke idrettsstjerne eller underholdningsbransjen). 4,6 millioner hadde vært passe for å flytte dit i byen vi gjerne vil, men alle pengene hadde forsvunnet i den leiligheten. Om det hadde vært 6,4 hadde det vært perfekt, da fikk man brukt alt på seg selv og noen fine gaver til de nærmeste :D

sissel sa...

4,6 ville være overkommelig. Trur jeg ville prøvd å holde det hemmelig jeg. Ville sletta all gjeld og kjøpt leiligheter til ungane og hjelpa dei i studiane. Trur pengane skulle fått bein å gå på..
Hm, nå begynte jeg å tenke også ;)
Ha en fortsatt tankefull søndag :)

Rapunsel sa...

Hallo!
Har en award og utfordring til deg i bloggen min. Er gratis ...

systa sa...

ej trur ej hadde oppført mej helt fornuftig. So lenge du kjøpte mej et hus, en bil, betalte studielånet mitt, å ej fekk litt lommepenga i ny å ne. Gjerne slik at ej slapp å jobbe. Enig? ;)

Anlen sa...

Ja, det er klart du skulle fått hus og bil og studielånet betalt! Og etterpå kunne du brukt den vanvittig store lønna di til å betale skatt:)