tirsdag 1. september 2009

Minstemor er i ferd med å bli stor

I dag måtte eg le litt, men heilt usynleg. Minstemor, som snart er 3 år, sat ved kveldsbordet og ville snakke fornuftig. Det gjer ho for så vidt ofte, men i dag hadde ho nokre fraser som eg kjende att frå samtalen mellom meg og Prinsessa på 6 år. Fint å auke ordforrådet:)

Brått sa ho: Då eg var så mange år, brukte eg tutt (=smokk). Ho heldt tre fingrar i veret... Prinsessa ville protestere, men ho er heldigvis mottakeleg for mine blikk for å teie stille og gå med på tull. Minstemor brukar framleis smokk i stor grad, og det er krise om ho ikkje har tre-fire i senga kvar kveld. Elles går ho for mykje med smokken i munnnen på dagtid, heldigvis ikkje i barnehagen.

Eg spelte med på at ho hadde brukt tutt då ho var lita, men at ho SJØLVSAGT no var så stor at ho hadde slutta. Minstemor var svært skråsikker då ho fortalde at ho ikkje treng smokk meir, verken i bilen, senga eller andre plassar.

Ho gjekk på badet utan å ta med smokk. Ho gjekk til soveromet, vi las bok og kosa oss, uten smokk. Men så vart det alvor... Ho spurde så fint ho kunne om eg kunne hente ein smokk, for no trengde ho ein. Vi vart enige om at ein var nok, og det er eigentleg også framgang.

Ho er litt søt, da!

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar då eg sjølv slutta med smokk. Vi putta den siste i omnen og var samde om at den var så gammal at det var makk i den for det såg vi tydeleg..... Eg trur eg var i 5-årsalderen. Berre ein av ungane her var glad i smokk. Når han begynte å bli stor, fekk den siste ligge att i senga. Vi hadde dei vinkeseremoniane.
Det er fredeleg og greit med smokk berre ungane tek dei ut når dei snakkar. Viss ikkje, får språket mange o-ar har eg høyrt eksempel på.

arieldog sa...

Berre ein av mine har brukt smokk - han måtte ha fem; to i kvar hand og ein i munnen. I ettertid har han forklart at han bytta ut den i munnen med ein ny når den var blitt varm. Han har forresten tydeleg artikulasjon/diksjon sjølv om han gjekk med smokken på dagtid til han var tre år. Tannstillinga er betre enn på systrene, som ikkje brukte verken tommel eller smokk. Og så sov han meir og betre enn nokon annan unge eg har kjent.

UnePune sa...

Hehe, de er noen luringer =P Godt å ha sovesutten da =) Mellomste her slutta i våres og det gikk nesten av seg selv - blei ganske overraska over det for han var ganske avhengig han og!