torsdag 3. september 2009

Gåen!

Det er venskapsveke på skulen min. Vi har ikkje hatt slike veker før. Sidan det var min idé, og eg er koordinator for Olweus-programmet mot mobbing, vart det mykje arbeid på meg. Spennende, men travelt! Eg har brukt veldig mykje tid på dette, med planlegging og tenking. Eg trur det stort sett har fungert bra.

Vi har grilla, øvd på vennesongar og "Stopp! Ikkje mobb!", snakka om korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre og elles vore ganske hyggelege mot kvarandre.

Har du hugsa å seie ein positiv ting til nokon i dag?

I dag var det den store dagen, med aldersblanda aktivitetsgrupper heile dagen. Det er litt av eit arbeid å snekre saman ein haug ulike postar med leikar, og få folk til alle plassar til alle tider... Eg trudde at eg hadde nok folk å ta av, men det vart eit lite puslespel før eg vart ferdig! Eg hadde gløymt å ta omsyn til at lærarar ikkje alltid har 6 undervisningstimar på ein skuledag, og dei som hadde berre 4 timar hadde sjølvsagt ikkje noko ynskje om å stå på post meir enn 4 skuletimar. Sånne "detaljar" kan drive ein stakkar til vanvidd...

Vi har plukka fram leikar som borna kanskje ikkje kan lenger, blanda med nokre som dei fleste kan godt. Vi leika slå på ringen, vippe pinne, klinkekuler, hoppestrikk, hoppetau, alle mine duer, 3 mann i vinden, fargekonge, myntkast, paradis, grip mikrofonen og enda nokre til:) Eit prosjekt som vil vise att, er alle dei fargerike hendene som er trykt på panelgardiner;) Desse panelhøgdene i friske fargar skal henge på nokre av dei kvite veggane på den nye skulen vår. Det vert sikkert flott med litt fargar. Og innimellom hendene skal alle klassene ha nokre positive ord.

Det var endeleg fint ver i dag! Det gjorde sitt til at dagen vart hyggeleg for både elevar og tilsette. Når sola skin er det godt å vere ute! Likevel er eg dønn gåen etter dagen. Godt å slappe av heime etter mykje ekstra arbeid siste dagane!

I morgon er det berre finalen igjen. Då skal vi ha ei samlingstund der alle syng gode, oppbyggeleg songar, ein svært datakyndig kollega skal vise masse flotte bilete frå dei ulike aktivitetane denne veka, og rektor skal dele ut premie til det ryddigaste klasseromet.

Godt med slike veker, men det er også godt med kvardagar;)

No strevar eg med leksa til alle tilsette. Vi skal lage ein skrytevegg for dei tilsette, og i den samanheng skal vi levere inn anonyme lister med ein positiv egenskap for kvar einaste av kollegaene våre. Det er mykje tankearbeid bak ei slik liste... Kan ikkje berre skrive det same på mange av dei, syns eg. Så då må eg leite etter det spesielle...

6 kommentarer:

sol sa...

Man trenger slike uker innimellom - både voksne og barn. Ha en fin helg!

Judit sa...

Kjekt med litt avveksling, og kjekt at noen tar seg tid til å planlegge og styre med slikt! Ellers var det en del nytt her inne, kjolen til gullungen (som har blitt veldig stor skjønner jeg:-) ) var veldig fin.

God helg!

Tovepia sa...

Du har sannelig satt igang et flott arrangement!!! Men skjønner du nå trenger helga. Kos deg en masse, og husk, slapp av så mye du kan!
Klem fra meg!

Rapunsel sa...

Så bra!!
Og kjempeartig med de gamle lekene. Det er jo så gøy!!

ariel sa...

Viktig arbeid! Å vere gode medmenneske er det viktigaste ungane lærer.

Renate sa...

Ditta hørtes veldig bra ut du =)
Du e flinke!!