mandag 28. september 2009

RIP Nissan Primera 91-modell

No har vi brått ein bil mindre... Ikkje at vi ventar at bilar skal vare evig, men no tok jammen bilen kontroll og bestemte seg for å takke for laget. I går ettermiddag vart den brått ganske kalvbeint, altså motsett av hjulbeint;) Eit eller anna stag eller denslags hadde gått av, og verkstaden kom raskt fram til at her er det for mykje rust til at det går an å ordne det.

Det er nok bra i den store samanhengen at ein gammal bil får forlate vegane. Men for meg, som då står utan bil, er det ikkje slett så bra. Min kjære må nemlig ha bilen "min" etter at "hans" bil ikkje lenger er tilgjengeleg. Og då blir det litt meir tungvint å vere meg! Ikkje at det er umogleg å gå til jobb, med ein liten omveg til barnehagen, men det tek litt meir tid... Og då må eg faktisk venne meg til å stå opp litt før:)

Dessuten er det vanskelegare å stikke innom butikken på veg heim frå jobb, så eg må tilbake til å handle litt meir nokre få gongar i veka.

Du skal sjå at det vert både meir trim og betre økonomi av dette her. '

I alle fall til gubben har bestemt seg for å kjøpe ny bil:) Toyota Avensis, syns eg han mumla...

4 kommentarer:

Annelive sa...

Har en gammel doning stående på parkeringsplassen selv, og er glad hver gang den starter. Toyota avensis er en flott bil så lykke til med bilkjøp.

karna sa...

Føler med deg, har opplevd det samme selv og du verden hvor mye mer en må tenke/planlegge. Lykke til med bilkjøp.

Vibekeslillegronne sa...

Ikke tilbakemelding på bil, men ser at du lager nesten de samme knekkebrødene som jeg har lagt ut oppskrift på også :-) De blir virkelig kjempegode, har ikke valnøtter i mine, men det skal prøves!

Anita K sa...

Lykke til med bilkjøp. Min forrige bil var også en 91 mod, jeg synes det var litt stas med bil fra det året jeg var russ, helt til bilen sa stopp :)