torsdag 24. september 2009

Knekkebrød!



Eg har fått tak i oppskrift på knekkebrød. Dei er sunne og gode! Gubben meiner at dette er det beste eg nokon gong har baka. Eg er ikkje sikker på om kjempegrove knekkebrød kan slå søt gjærdeig, men det er i alle fall sunnare;)

Vil du prøve?

KNEKKEBRØD:

3,5 dl sammalt rug
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 dl valnøtter
1 ts salt

Putt alle ingrediensane i ei kjøkenmaskin. La det gå ei stund, så alt vert godt blanda og kutta.

1 ts honning
7 dl vatn

Bland honningen ut i vatnet, og hell i resten. Bland godt.

Fordel deigen utover 2 steikebrett, slik at dei fyller heile bretta. Eg brukte kniv til å smøre utover.
Set i omnen på 180 grader, 10 minutt.
Skjer dei to store knekkebrøda i passe str. Bruk eit pizzahjul.
Set tilbake i omnen og steik i 30 minutt.

Legg knekkebrøda på rist, og sett tilbake i ovnen med døra litt på gløtt i ca 15-20 minutt.

Evt. litt lenger for dei som er tjukkast:)

Dette blir harde og sprø knekkebrød med mykje smak. Nydelig med smør og ost!

PS: Oppdatering! Neste gong vil eg dele deiga utover tre langpanner, for å få tynnare knekkebrød. Dei er best når dei er tynne, dei tjukke delane vert litt for harde.




Elles har Gubben fått seg nye tjukkelestar. Dei er strikka av eit garn eg aldri har prøvd før: Bärengarne, Tom Print. 100 grams nøste, eg brukte 70 gram til desse. Då må det bli små barnesokkar i tillegg;)

7 kommentarer:

Tovepia sa...

Da tenker jeg gubben er fornøyd;) Dette knekkebrødet skal være godt og veldig sunt. Jeg tåler ikke hvetemel, så jeg skal kopiere oppskrifta og prøve meg selv. Takk skal du ha!

Tove sin strikkeside sa...

Takk for god oppskrift. Den må prøves. God helg, ser ut til å bli godt inne- og strikkevær i helga, ikke sant kjære sambygding?

mimouna sa...

Fristende å prøve, det går med mye knekkebrød her i huset.

toneab sa...

Jeg laget også knekkebrød forrige uke, med nesten samme ingredienser som dine. Neste gang prøver jeg denne! Knekkebrøda var populære hos de "voksne" i familien.
Flotte ble de sokkene til din kjære! Heldig han er!

Annelive sa...

Takk for oppskrift! Dette tror jeg må prøves.

ariel sa...

Den oppskrifta såg veldig god ut! Skal prøvast!

ingridsofie sa...

Takk for oppskrift! Det skal jeg prøve :)