tirsdag 15. september 2009

Små søte saker:)

Eg trudde ikkje at kanina skulle bli ein så stor suksess... Sist vi hadde kanin, var det ei kanin vi "arva" då den var 1 år. Den vart aldri vant til å kose, og likte oss slett ikkje. No derimot, har vi fått ei kosekanin i huset. Den bur ute, men jentene likar godt å ta den med inn. Her hoppar den opp i sofaen, og vidare opp på sofaryggen. Der kan den godt legge seg ned, eller spasere rundt og sjekke kva som skjer. Katten held god avstand, men han likar godt å ligge i vinduskarmen i den andre enden av stova.

Kaniner er enkle dyr. Glatte golv funkar ikkje, då er den som Bambi på isen... Dermed held vi kontroll på kvar den går:)
Etter ein kjole og ei lue, var det enno litt garn igjen. Så no vart siste rest omdanna til eit panneband. Eg trur eg skal finne noko liknande garn, dette var godt å strikke av og mjukt å bruke.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi har også kosekaninar. Eg har fått eit heilt anna syn på kaninar siste åra. Då Håkon hadde vore fem dagar på Dombås, gjorde kaninen kledeshopp rundt om i stova. Slik intelligens hadde eg aldri tillagt dei.

Tovepia sa...

Koselige og søte dyr;) Vi passet naboens kanin en gang mens vi ennå hadde hund, og de koset seg sammen;)
Søtt pannebånd i herlig, rosa farge!
God uke videre og klem fra meg;)