
I går besøkte vi Barnas lekeland i Spjelkavik, der kosa jentene seg eit par timar. Dei kunne gjerne ha vore der lenger, men etterpå fann vi ei av supertantene som bur på den andre sida av fjorden:) Ho og sambo har ein diiiiger hund. Odin er ein riesenschauser, eller risengrynshund... Han er lett å klappe, du treng ikkje å bøye deg ned, for å seie det slik.

Innimellom alt det andre som skjer i livet for tida, vert det også strikka nokre masker av og til. Desse sokkane trengde storesøster, så då passa det godt å bruke opp litt av det kjedelege raggsokkgarnet som låg i kassa:) Hausten er på full fart, det er berre å vere klar med varme klede!
2 kommentarer:
Ja, det har blitt skikkelig sokketid;) Har faktisk sokker på pinnene selv nå.
God uke til deg;)
Høres koselig ut. Den hunden der var fin. Jeg hadde sånn da jeg var liten og blir glad hver gang jeg ser sånne.
Legg inn en kommentar