mandag 5. oktober 2009

Fotodokumentasjon;)

I forrige innlegg sukka eg over manglande kamera. No hadde gubben med seg eit kamera frå jobb, så eg knipsa i stor iver. Dessverre mangla eg kabel, så då vart det vanskeleg likevel. Men NO er det bilde å få! Berre ting får ta litt tid, vert det som oftast ei ordning:)

Kva var det eg skulle skryte av?
Tja, eg veit ikkje om eg skal skryte av at kanina et opp potteplantene mine.... Men han er svært målbevisst, og dersom noko er innan rekkevidde er han kjemperask! Denne planta kjøpte eg for å erstatte ei han hadde gjort kål på før, og kva skjer? Han tek kjapt ein stilk med fleire blomster på...
Eg kan skryte litt av bursdagsbarnet: I går hadde vi selskap, og jubilanten bles ut tre lys på kaka. Det var lett!

Denne vil eg skryte meir av: Tunika strikka og hekla av garn frå Tyrkia. Det var eit tilfeldig prosjekt, og eg var ikkje sikker på kva eg skulle lage då eg starta. Eg hekla oldemorruter, sydde dei saman og strikka glattstrikk over. Ettersom eg hadde berre to nøster, 200 gram til saman, vart det behov for å rekne stramt mot slutten. Då eg hadde rekt opp ein gong, bestemte eg meg for å strikke riller som bryststykke. Det vart ganske fint, syns eg. Og det syns minstemor også. Nydelige fargar!!

Garnet er altså kjøpt i Tyrkia, det er mercerisert bomull, Alize Bahar. Dette var eit morsomt prosjekt.

Og så vakte fargane litt merksemd på Ørskogfjellet, det var fleire som måtte bortom for å sjå kva eg strikka. Ille at det tok så lang tid å få prosjektet ferdig....

7 kommentarer:

gyldenkron sa...

For en nydelig tunika. Gratulerer med overstått stor dag i heimen. Vi har snart en 4åring i hus. Hvor ble det av de årene?
Søt, men frekk kanin (fniser)

Mammamiia sa...

Flott tunika i nydelige farger!! Og flott modell inni tunikane også ;)
Målbevisst liten firbeint krabat du har, skjønner jeg... vår har dessverre lagt sin elsk på ledninger... obsobs! (godt gubben er elektriker...) Hva med å kjøpe kaktus?? Nei, - stakkars kanin... dårlig forslag... :P

iris sa...

Der var den ferdig ja. Synd at bildet ikke viser ekte bilde av fargene. Den ble kjempefin.
Ble så forelsket i garnet jeg vet du.

Tino sa...

Så fin tunika, nydelig farge. Har hatt kanin vi også, og den forsynte seg av det meste ;)
Gratulerer så mye til bursdagsbarnet! Ha en fin dag videre :)

Frau Putz sa...

Sikke en dejlig tunika. Fin farve - og fin detalje med oldemor-firkanterne forneden.

- og så må jeg kommentere på dine boller og skole-boller. De ser virkelig yummi ud!
Hvad er det, der er på skole-bollerne? Er det creme eller er det glasur? Jeg kender dem ikke fra Danmark, så jeg undrer bare... Måske du kunne lægge opskriften ud, for jeg ville gerne prøve noget nyt - og de her så lækre ud!
Klem fra Frau Putz

Anlen sa...

Skulebollar heiter andre ting andre stadar i landet, eg trur mange kallar det skolebrød. Det er ganske vanlege bollar, med eit stort hol i midten. I holet legg eg ei stor skei med vaniljekrem før eg steiker dei. Det holet har ein lei tendens til å heve seg mykje mindre, så det er greitt å lage det stort, og ta igjen utholinga rett før dei skal i omnen. Kremen kan vente til rett før steiking.

Før servering er det vanleg å ha på melisglasur og kokos. Det blir ekstra godt:)

Unknown sa...

Kjolen ble kjempefin den og så fin farge da :)