onsdag 14. oktober 2009

Hokus og Pokus


Eg har vore på konsert. Ikkje berre ein vanleg konsert, men eit fantastisk musikalsk show der Musikklaget Melshorn fekk hjelp av ein utrulig dyktig mann, Haakon Esplo. Han er utdanna musikar og tryllekunstnar, og fekk både born og foreldre til å le høgt og lenge. For min del var det morsomt å sjå konserten "gjennom" minstemor, som var redd og usikker i starten, men som song med på slutten. Buktalarfuglen flørta inderleg med dirigenten for korpset, og vi vart sjarmerte på alle kantar.


No var det ekstra morsomt for oss, for vi sat rett bak ein 6-åring som helt på å lette. Han var såå med, det var ikkje stille lange øktene... Han ropte svar og kommentarar, han hylte av glede og brølte av fryd. Og då tryllekunstnaren skulle ha fram eit par born til å hjelpe seg, då heldt vi på å omkome. Vi som sat rudnt, forsto straks at dette kunne bli morsomt. Guten klarte knapt å stå stille, og stakkars tryllekunstnar Haakon streva hardt;) Vi lo og lo, og hadde ein smule sympati med mannen. Rett og slett ubetaleleg!
Førehandsomtale i lokalavisa

Her er link til prosjektet, som kan bestillast av korps kvar som helst i landet.

1 kommentar:

arieldog sa...

Såg og høyrest kjekt ut! Ingenting slår levande underhaldning.