torsdag 29. oktober 2009

Mitt fyrste strikka møbel:)



Familien vekslar mellom å smile overberande og le rått. I alle fall nokre av dei... Men no har eg altså strikka ein puff, også kalla Puff Daddy. Oppskrifta fann eg hos Pickles.com og sidan dei meir eller mindre anbefalte å bruke akryl eller bomull, gjorde eg det. Eg brukte det utgåtte garnet Fiesta, som er ei blanding av bomull og akryl. Puffen skal strikkast med tre trådar på pinne 15:) Mest som kosteskaft. Sidan garnet mitt vart henta i ei restekasse, hadde eg ikkje 18 nøste. Dermed brukte eg ein tråd Lerke i ca samme raudfarge, og vart veldig godt fornøgd med det. Då vart det litt melert.


Bilda er tekne med den nye mobilen min! Ein lekker blank tingest, Nokia 6700 Classic. Dessverre er ikkje fargen på puffen heilt korrekt, men det skal ein kanskje ikkje kreve av eit mobilkamera? Eg må nok teste det litt meir etterkvart. Fargen er i alle fall ganske fin, ganske mørk raud. Og den passar flott som fargeklatt i stova mi, saman med mørkraude gardiner og bilete. Nesten så det kan verke litt gjennomført;)

Det ser ut som Musikanten set pris på den nye dingsen på golvet? Han likar stort sett det meste som er mjukt å ligge på... Men kven gjer vel ikkje det?

14 kommentarer:

Rigmor sa...

jeg ler iallfall ikke, for jeg synes puffen er kjempe kul!!! Og likte fargen veldig godt!

Vibekes lille grønne sa...

Så morsom denne ble! Kjempefin :)

Hanne sa...

Så stilig. Kanon morsom :D Så fin fargeklatt i stuen :)

Anita K sa...

Jeg har liksom tenkt at møbel...DET skal jeg aldri strikke, men nå er jeg ikke sikker på om jeg skal være så påståelig...tror kanskje jeg skal kikke litt på den oppskriften...Din puff daddy var i alle fall kul!

Tovepia sa...

Kjempetøff! Dette har jeg aldri sett før, skikkelig artig!
Musikanten koste seg godt, der han lå;)
Ha en god dag videre og klem;)

Siddis-in-houston sa...

Så stilig!

pickles sa...

Fin farge!

Frau Putz sa...

Ja-ja...
Her i DK har vi et ordsprog som siger: "Den der ler sidst ler bedst" - og her er det vist meget passende.
Din Puff Daddy er da cool!
Sikke en fin farveklat - og en fin måde at bruge en stor mængde restegarn. Måske jeg skulle strikke en 3-4 puffer selv. Så ville jeg da få brugt noget af mit enorme garnlager...

Elisabeth sa...

Ved første øyekast trodde jeg du hadde strikket et stort, rødt eple ;) Morsom puff, klart musikanten liker den...

Husfruen sa...

Digger den!!! Den ligger i to do lista mi.

irene sa...

Hei! jeg har også planer om å strikke en Puff daddy, men finner ikke strikkepinner i 15mm noe sted! Hvor fikk du kjøpt dine??

Anlen sa...

Mine str.15-pinnar har eg hatt i mange år, så eg har ikkje eigentleg aning om kvar du skal sjå etter slike. Eg trudde det var noko som "alle" butikkar hadde, eg...

Annika sa...

Så stilig den var! Ja, rett og slett knall!

Og musikanten var veldig lik far sin her, eg tok faktisk feil, til eg las du skreiv musikanten;)

Og grattis med ny mobil! Noko å anbefale? Eg må ha ny...

Anonym sa...

Så kul den ble , og helt sikkert god og mjuk ! Stilig :)

Josefine (HB)