søndag 25. oktober 2009

Ein fin laurdag, med pakke i posten!

I dag var postmannen hyggeleg! Iris må nok ta ein god del av æra for det, forresten... Iris er nemlig min hemmelige venn i hobbyboden i oktober, men ho var lett å avsløre!
I postkassa fann eg ein flott pakke: Tre nøste 3-trådsullgarn frå Rauma, eg trur det kan bli omdanna til tova vottar. Det har eg i alle fall tenkt at eg skulle strikke, så får vi sjå... I tillegg fekk eg eit koselig kort, prega av Iris heile vegen, og ein pose kaffe med vaniljesmak, og sjokolade! Den fekk gubben smake litt av;)Tusen takk, Iris!!

I dag hadde vi ingen planar, så vi tok hurtigbåten til Ålesund og vandra litt i byen. Det var, litt overraskande for oss, musikk på kaia då vi kom. Det var ikkje fordi vi endeleg kom ein tur, men opning av den nye landgangen. Kapteinen på båten stod høgtideleg og nikka pent til alle sine passasjerar, omtrent som ein flykaptein;) Fint, serru!

2 kommentarer:

sol sa...

Det er hyggelig å ta seg en liten tur, Ålesund er en koselig by å rusle i.

ariel sa...

Ålesund er ein vakker, men uoversiktleg by. De er heldige som har Byen så tilgjengeleg!