fredag 9. oktober 2009

Titt tei:)



I går annonserte eg med brask og bram og høge kneløft at heretter skulle det bli fancy bilete. Så no har eg vel eit lite ansvar for å følge opp....

Her har du siste dagars aktivitet. Ein turkis kjole med sving (minstemor sin definisjon på kjole som svingar rundt når ho snurrar) var i ferd med å bli litt kort. Så no har den rett og slett fått nokre omgangar med hekla kant. Det utgjer ca 5 cm på lengda, og gav enda meir sving. Kan knapt bli betre:)

Eg har brukt opp resten av garnet frå Hemmeleg venn i september. Dette er ein hatt som kan passe til ei av jentene, omtrent. Det er ikkje avgjort kven som skal få den.

Dessuten tok eg med eit bilete av ei av dei mange haglbygene som har frest over bygda siste dagane. Det er spennnende med hagl når ein er inne, litt ubehageleg når ein er ute...

5 kommentarer:

Tovepia sa...

Flotte strikke og hekleprodukt!! tenker kjolen er populær, ja;)
Fin kollasj også:D
Ha en fin fredag videre og klem fra meg;)

strikkedilla sa...

Kjempefin blir den. Og kjolen under var jo bare nydelig. Ønsker deg en fin helg

Sidselsidserk sa...

Fine bilder ja:-)Smart å forlenge kjolen den ble jo veldig fin.

God helg til deg!

Mosbøjenta sa...

Så smart da, å hekle på litt ;) det har jeg ikke tenkt på. Du lager så mye fint Anlen God helg til dere ;) klem Åse

Frau Putz sa...

Hej Anlen
Jeg har tagget / udfordret dig på min blog - så nu har du endnu en mulighed for at vise dine fancy billeder frem. Bare i ORANGE!
Jeg håber du har lyst til at være med på lidt farve-foto-leg.

Klem fra FP