torsdag 28. januar 2010

Jentekveld:)

I dag har eg vore på jentekveld på Ulstein hotell:) God ide, rett og slett! Magne frå Luksusfellen har mykje peiling på personleg økonomi. Han jobbar i Sparebank1 vanligvis, men får vise seg fram på tv av og til... I kveld snakka han om økonomi, sparing, pensjon etc for ein stappfull kinosal. Og etterpå var det nydelig tapas til alle jentene som hadde meldt seg på. Eg er mett og glad, og har alt sjekka Sifo sitt enkle standardbudsjett som gav meg støtte i at eg får "lov" til å bruke mykje av inntekta mi på å handle mat og daglegvarer... Det går mykje pengar til mat, men det må det nok også, når vi er 3 vaksne og 2 prinsesser i heimen.

Elles hadde han nokre enkle råd. Vi veit om dei fleste, og lever nok etter dei også. I alle fall stort sett. Dagens mest opplagte råd var: Skriv handleliste og unngå impulskjøpa. Gjer innkjøpa på butikk, altså ikkje på bensinstasjonen... Og send helst mannen i huset for å handle, for han likar ikkje å handle, og vil gjere unna handelen utan å falle for altfor mange fristelsar på vegen:) Det stemmer bra her i huset!

Han tok også med nokre erfaringar frå mellom anna luksusfellen. Dei som har økonomiske vanskar, har gjerne den største og nyaste flatskjermen. Det er klassisk at dei har hatt mykje pengar ein gong, etter arv/gevinst/overskot av hussalg, vanskane brukar å henge saman med usunne forbruksvanar, og dei kjøper gjerne kvitevarer på avbetaling.

Så det så.

Jammen godt at vi ikkje har den største flatskjermen:)

1 kommentar:

Greta sa...

Hei på deg.
Høres ut som ein ålreit kveld det der. greit å få bekrefta det ein vait også ein gon iblant.
Nyt helga med god samvittighet. kelm fra meg