mandag 11. januar 2010

Søte, ja?

border="0" alt=""id="BLOGGER_PHOTO_ID_5425218657942407570" />

Herleg med litt dyr i heimen... Vi har altså katt og kanin, og dei har ikkje forstått kven som er sjef. Det vil seie at begge er redde for den andre. No har kanina byrja å bli litt modigare, så eg trur nok at kanina snart er sjef. Her har katten ein konkurrent på utsida av døra, og er nok ganske irritert på at den andre katten vågar seg heilt inn til døra vår... Men om vår pysepus hadde vore på utsida, hadde han ikkje våga å ta affære uansett:) Det er greitt å vere tøff på den andre sida av glaset, ja!

I dag er mamma heime med minstemor, som ikkje er heilt frisk. Heldigvis er ho ikkje så dårleg som eg trudde ho kom til å vere, men sidan ho kasta opp i går kveld må ho jo vere heime i dag. Barnehagen har ei spysjuke gåande, og den skal visst vere ganske hard. Men dette er heldigvis ikkje samme type:)

Vi kosar oss heime, og medan minstemor spelar data og ser tv kan mamma legge saman klesvask...

6 kommentarer:

Annika sa...

Dei er bra skjønne desse dyra!!

Greta sa...

Så skjønne dyr du har. eg er desverre alergisk for sånn skjønne små venner.

Eg får sei det som det er, eg skulle gjerne vore ute i jobb og tjent penger istede for å ha anledning til å strikke så mye, men eg gjer det eg kan og er tilfreds med det.
Du får nok tid til å strikke mase når du blir gammel og grå du og hihi.
vi liker å bake begge to. akkurat no er det T som har mest dilla. Når eg får onden får eg håpe han ikkje har lyst.
Kos dere i heimen i dag og kanskje du rekk litt ekstra strikking

Kelsina sa...

Søte dyr du har. Livlig kanskje med katt og kanin? Vi har 4 katter og en hund og det kan til tider bli veldig livlig.

Unknown sa...

Så nydelig som katten og kaninen din er, det er kjempemorro med dyr..
Jeg kunne ikke tengt meg og leve uten

Ha en fin kveld :))

cille sa...

Så nydelige kaniner og pusekatt du har! Ja kosedyr må vi ha så langt det lar seg gjøre. Selv har vi to kattefrøkner. Ha en forfriskende uke...

solveig sa...

Det er mykje underhaldning i slike firbeinte! God betring til veslejenta, og så får vi håpe at du slepp unna!