fredag 5. februar 2010

Dagleglivets små absurditetar

Eg har tidlegare vist bilete av både katt og kanin, i dag har eg ikkje nye bilete.

Derimot kan eg fortelle om kor nydelig kaninen var då eg bar han ut att i uteburet sitt i kveld. Medan eg gjekk, klatra Trampe oppover og slikka meg på halsen:) Han er rett og slett ganske søt. Og så sette eg han inn i buret, gjekk inn att og mata katten. Pus får stort sett Friskies tørrfor, men vi har alltid nokre posar Whiskas våtfor i skapet. I dag tok eg ein pose og serverte Pus, og vart ståande og filosofere over det absurde i at eg serverer Pus kanin....

1 kommentar:

Greta sa...

Tenkte å ønske deg ei god helg. Og så syns no egat du skal slutte å gi katten kanin til kosemat eg da :=)