tirsdag 2. februar 2010

Eg vann!

Eg er heldig!
I dag kom det ein pakke i postkassa mi. Utanpå var den grå og kjedeleg, som pakkar brukar å vere. Eg brukte ei stund på å tenke på om eg kan vite noko om avsendaren, sidan adressa avslørte at ho bur i same bygd som mi svigermor kjem frå...

Pakken inni gråpapiret var meir sjarmerande, og innhaldet er jo heilt supert!

Eg har aldri testa Sterk, det relativt nye garnet som skal egne seg til så mangt, også sokkar. Mjukt og godt, med alpakka og merinoull, og 20 % nylon.

Sjå, så søte rosa flodhestar! Og to Hello Kitty-knappar, dei vil nok bli populære! Det blåturkise i venstre kant er to markørar med karabinkrok, noko eg ikkje har frå før.

Kva gjer at eg har gjort meg fortent til å få ein så fin pakke? Berre flaks, og eit besøk hos bloggen til Jaja74, og så vart eg den heldige vinnar av jubileumstrekninga hennar. Tusen takk, Jaja74!


6 kommentarer:

Marihøna sa...

Så heldig du er! Sterk er kjempedeilig og kan anbefales :)

Anita K sa...

Gratulerer med vinnerlykke og fin premie!

jaja74 sa...

Kjekt at pakken falt i smak da:)
Artigt at svigermora di kjem frå same plassen. Eg er ikkje oppvokst akkurat her, men pappa er. Kjøpte oss hus like ved skulen i sommar.

Villblomsten sa...

Takk for titten på siden din :-)

Barneboden sa...

Hei :-)

Ta gjerne en titt i nettbutikken min for barn :-)

www.barneboden.no

Greta sa...

Gratulere med flott pakke. Sterk garnet har eg prøvd no. Har strikka sokker og lommetøfler av det. Det er i alle fall godt å strikke av. Har ikkje brukt noe av det, så eg veit ikkje kor slitesterkt det er, men dei sei det skal vere veldig bra.
Ha ein fin torsdagskveld