mandag 8. mars 2010

Gratulerer med dagen, alle kvinner!

8. mars har blitt markert i 100 år! Ekstra god grunn til å markere dagen, ikkje sant?

No er det litt ille at eg ikkje har tenkt å gå på 8.mars-feiring sjølv, men det er i alle fall verdt å tenke over om vi har fått alt som vi vil ha det, og er vel fornøgde med alt. Her i landet har vi lite å klage over, men vi gjer det jo likevel. Det er klart at det er surt at kvinner tener i snitt 80 kroner der mennene i snitt tener 100. Noko av skulda har nok deltidsarbeidet, men ikkje alt. Det er ei sak vi kunne kjempe for.

Eg vart litt raudstrømpe i alt styret som vart omkring opninga av Holmenkollen, med Anette Sagen som skulle hoppe fyrst. Det er jo berre det at mennene må "passe på desse jentene" og sikre at nokon har testa hoppet før den vesle jenta set utfor. Ho kan jo skade seg!

Og så kan vi alltids vere litt vidsynte, og sjå på korleis kvinner har det elles i verda.

For noko sidan vart eg kjend med ein gut som har vakse opp i Irak, og han har nettopp kome til Noreg. Då klassa hans hadde om likestilling og likeverd, måtte eg nytte sjansen til å forklare litt om korleis vi ser på dette i Noreg. Han lytta, og stilte nokre spørsmål. Og så kom det: Dette burde dokke ha lært dei i Irak.

Ha ei fin 8.mars-feiring!

3 kommentarer:

Greta sa...

Det var veldig godt å lese innlegget ditt.
Det er nok heilt sikkert grunn til å kjempe for likeverd i dette alndet også, men eg syns vi burde skyve våre eigne krav litt til sides. Og heller bruke energien på hjelpe våre medsøstre i f.eks Afganistan. Det å vere kvinne der er som regel reine helvete. Og skal vi kjempe her i alndet , bør vi hjelpe desse unge jentene som må leve dobbeltliv for å få kunne gå på kafe. Det er nok lenge til dei ahr full lkestilling sjølv om dei bur i Norge.
Ha ein fortsatt fin kveld

Stubbetufsa sa...

Flott innlegg!
Gratulerer med dagen!
Klem fra nord!

AnitaK sa...

Heisann, er bare innom en snartur og lurer på om du har blitt turnmamma nå? Jeg skal atter en gang til hareid på turn, denne gang er det KM i april, tror det er siste helga.. da tar jeg med meg strikketøy og overnattingsbag og inntar turnhallen igjen :)