lørdag 27. mars 2010

Påskeferie, ja takk!

Påskeferien er over oss!

I går fekk eg ein nesten ekstra påskeferiedag, sidan Prinsessa var sjuk. Eg var på jobb den fyrste timen om morgonen, for å hjelpe skulen litt... Då var Prinsessa åleine heime, og det gjekk fint. Men eg var glad for å vere der saman med henne etterpå. Ikkje veit eg kva som eigentleg feilar henne, men ho hosta, hadde litt feber, var kvalm og uendeleg slapp. Ho låg på sofaen heile dagen. Den einaste grunnen til å flytte på seg, var om ho måtte på do. Og dersom ho var tørst, ropte ho på meg for å få hjelp. Det var for slitsomt å strekke seg til glaset som stod på bordet!

I dag var ho heldigvis betre, og ho har blitt enda betre utpå dagen. Så i dag har jentene leika seg, og eg har vore husmor...

Skulle gjerne hatt bilete av kor mykje reinare vindua mine er, men du får berre tru meg når eg seier det:) I alle fall er dei reine på utsida!

Og så har eg laga tre nøttebotnar og to tropisk aroma-kaker i dag. I morgon skal vi ha eit lite selskap til ære for Musikanten som fylte 19 år mandag. Vi vert ikkje så mange, så det er ganske greitt å lage eit par kaker.



3 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Så dyktig du er. Jeg har gitt opp å pusse vindu, for det er så mange som er punkterte. Kjekt å bake, ikke sant? Jeg har bakt 170 pizzasnurrer i kveld. Når ungdommene kommer hjem til påske, går det nna..
God påske

lisje astrid's husblogg sa...

Uff:(Stakar lita...Ikkje særleg å vere så utslått!Håper alt er bra no til påske♥Og at ho fårsmake på alle go kakene du har laga..
Du er så flink att!Å ny pussa vindu...Ah!Lucky you☺
Gratulerer til musikanten☺
Ønskar deg ei god påske♥
Klem frå lisje meg☺

Greta sa...

kjekt å vere skikkelig huslig av og til . Spesielt når ein ser forskjellen sjølv. Og kakebaking til bursdagsfeiringer må jo til. Ha ein flott søndag