fredag 23. april 2010

Fredagskveld :)

Fredagskveld er fint. Gubben har sovna på sofaen, Musikanten et farmors nysteikte fiskekaker på brødskiver, det er snart leggetid for meg også.

Men enn så lenge er det nydeleg å ha litt tid med ingenting på planen. Skal jo strikke litt meir på kjolen eg held på med, det er eit prosjekt som kjem til å ta lang tid...

I dag er det verdens bokdag. Då burde eg laga eit innlegg om bøker, med anbefaling og alt det der. Dessverre les eg så lite for tida at eg ikkje har noko som helst å skryte av. Eg kan jo likevel nemne lesing:)

Denne veka har vi hatt siste innspurt av "ekstern skulevurdering" med fokus på lesing. I går presenterte dei to vurderarane korleis vår skule ligg an i forhold til kva vi ynskjer. Noko er bra, andre felt krev meir innsats.

Eg vil ta med eit lite gullkorn frå ein elev. Intervjuaren spurte om kvifor vi treng å lære å lese. Svaret var slik:

Vi må kunne å lese for å kunne sende meldingar. Elles blir det berre sånn HÆ?

God logikk!

I morgon og søndag skal eg synge i timevis. Øvingshelg med koret mitt:) Vi skal ikkje på overnattingstur, så eg har nokre timar heime i løpet av helga. Det er heilt greitt...

Ha ei fin helg!


1 kommentar:

Greta sa...

Ønsker deg lykke til med øvingshelg og litt avslapping også håper eg. God helg til deg og dine