tirsdag 13. april 2010

Vill kanin på ville vegar


Vi har ein kanin. Og no har vi jammen fått ein til. Utan å be om det:)

Denne sjarmerande karen (eller frøkna) er ganske totalt vill. Etter litt undersøkelsar har eg funne ein tidlegare eigar. Dei fekk aldri fanga inn denne kaninen, og den har klart seg veldig godt på eiga hand. Så vidt eg veit, vart den fødd på seinsommaren i fjor. Så den har klart seg gjennom den kaldaste, mest snørike vinteren vi har opplevd på svært lenge, og no oppsøker den nye område. Ikkje at den har flytta seg så veldig langt, men vi har ikkje sett den her før den siste veka.

Sidan vi alt har ein Trampe i bur ute, er det sikkert spennende å vere her. Så nesten kvar gong vi ser ut vindauget, ser vi kaninen der. No er det kos med kanin, men denne et opp vekster eg kanskje kunne tenke meg å ta vare på, og legg frå seg store mengder kaninperler på plenen. Der hadde eg tenkt at jentene skulle springe barbeint i sommar....

I dag kom ei jente i nabolaget glad og fornøgd og fortalde at ho hadde fått lov til å ta kanina med heim, sidan ho har eit tomt kaninbur ved sidan av dei to med kanin i:) Og ei stund trudde eg at vi hadde orden på sakene.

Gubben laga felle, av den klassiske Donald-typen. Mat under ei kasse, pinne med tråd i, og så sat vi klar inne og dro i snora då kaninstakkaren var under kassa for å ete. Fungerte som berre juling!

Dessverre sprella han så skrekkeleg då jenta kom for å hente han, at han kom seg laus. Trass iherdige forsøk frå mange medhjelparar måtte dei til slutt gje seg, i alle fall for i dag.

Lynet spring framleis fritt.



OPPDATERT:

I dag, dagen etter første forsøk, vart kaninen lurt av Prinsessa mi på 7 år:) Ho ringte meg då eg var på butikken i nabokommunen, og var ganske stolt over å ha fanga ein vill kanin. Det var nesten så eg ikkje trudde det!

Men ho hadde fått det til, kaninen sat under ei tung kasse og hadde ikkje sjanse til å stikke av. Det var berre for oss andre å få kaninen over i eit bur, og avlevert til ny eigar. Hurra! No blir det mindre rot utanfor her:)

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg høyrer det gjekk betre i dag!
Heilt utruleg at han har klart vinteren. Kanskje han har funne seg høy ein stad. Eg veit der har vore "villkaninar" på Holesanden, men dei har vorte mata.

Frau Putz sa...

Dejligt at den vilde kanin nu får mulighed for at få et dejligt varmt kaninbur at bo i - hvis han vil det... Måske er han blevet så vant til det frie liv, at han løber bort igen, så snart han får en chance.
Så må I bygge kaninfælde igen ;)