onsdag 7. april 2010
Vinter blir til vår
Bjorli bygger nytt. Her er Vetlegrenda, eit sjarmerande prosjekt! Gata består av små hus, tett i tett, der det er leiligheit oppe og rom for ei eller anna slags forretningsdrift nede. Eigentleg skulle det ha vore storslått opning no i påska, men det vart ikkje ferdig i tide. Likevel er det nokre som har kome seg på plass, så vi kjøpte nydeleg kake i eine enden av gata og såg nydelege kjolar i andre enden. Det vert spennande å kome tilbake!
Her ser du ulempa med påskehytte... Det er elles god veg til hytta, men i snøsmeltinga vert vegen på magisk vis omdanna til ein åker. Det er berre å kome med settepotetene!
Heldigvis tørkar vegen opp att kvart år;)
Og så må eg vise fram kor vakkert det er i Romsdalen. Ikkje ille!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Ja, vakkert! Denne vårløysa får vi vel finne oss i, den varer ikke så lenge;)
Nyt våren og klem fra meg;)
Det er vakkert der oppe, heilt klart. liker best utsikta ut ørskogvika eg da :)
Så spennde det på Bjorli da. Så amnge år sidan eg kjørte den vegen. Før kjørte vi der mange ganger i året. Må innom på ein trundtur der ein gong skjønner eg.
Ha ein fin ettermiddag
Vakkert ;o)
Helt enig, Romsdalen er vakker!
Spennende prosjekt på Bjorli. Det må utforskes!
Ha en flott kveld!
Vetlegrenda så koselig ut og Romsdalen er ubeskrivelig vakker! :)
Flott bebyggelse og vakker natur! Likte konseptet med den gaten med småbutikker nede og leiligheter oppe, det blir et levende miljø av slikt. Koselig å rusle i sånne gater.
Ønsker deg en god helg!
Artig å sjå dei husa - har berre vore der ein gong i min ungdom, og då såg eg ingen fine hus...
Legg inn en kommentar