onsdag 28. april 2010

Visst strikkar eg:)


Eg har ikkje slutta å strikke!
Men det vert ikkje så mange små ting for tida, derfor vert det lenger mellom oppdateringane. Eg har eit storprosjekt på pinnane: Flettekjole frå boka Maskepi, og det tek tid.

Kanskje særleg fordi den ikkje blir med i veska på tur hit og dit. Det er greitt å ha eit mindre prosjekt på tur. I pausen på jobb, for eksempel, eller på venterom.

Men eg strikkar framleis! Og om nokre månader er kanskje kjolen ferdig. Blå Smart, eg trur kjolen kan bli veldig fin.

Innimellom vert det nokre småtteri, så eg skal gjere ferdig eit skjerf i løpet av dei neste dagane. Då vert det noko å fortelle om på hobbyfronten her;)


5 kommentarer:

ALPAKKA sa...

Tusen takk for helsing på bloggen min :-) Var så nyskjerrig at eg måtte inn å sjå. Vert stadig overaska over alle som bloggar. Ei spennande "verd". Den som hadde hatt litt meir tid til å "sørfe" og drøyme seg vekk i denne verda :-) Fin blogg du har, og kjempemange beøkande!!! Artig! Eg er no litt ferks i dette, og ikkje den aller mest aktive. Heimaleinemoroggardbrukarogturistvert, så då vert det slik :-) Legg meg som følgar på bloggen din
Du bor på Hareid trur eg at eg fann ut??

klem frå meg lenger sød

Greta sa...

Det vert spennde å sjå den ferdige, kjolen din. Det tar lang tid med sånne store prosjekt. Her blir det nok ikkje strikka mykje denne uka, men når man har barnebarn på besøk er det andre ting som er viktigere

Sidsel sa...

Litt av et prosjekt du har startet på! Gleder meg til å få se.....
Ha ei fin helg!

tintin-44 sa...

Gler meg til å sjå den ferdige kjolen. Mykje flott i Maskepi, var på en strikkekafe der Tine Solheim var og viste fram modellane sine. Dama er berre kjempeinspirerende å høyre på, utstråler energi og arbeidslyst.
God helg!

Judit sa...

Nå blei jeg veldig nyskjerrig og blar febrilsk i boka. Det er kanskje den som heiter flettekjole? Venter spent på fortsettelsen.