tirsdag 27. april 2010

Sjuk prinsesse i dag

Når prinsesser er sjuke, må mamma gjerne vere heime. I går kom læraren til Prinsessa og sa at ho ikkje var heilt i form, ho hadde klaga over vondt i magen, og var ikkje i vanleg kondisjon. Det stemte aldeles. Dessverre...

Ho hadde feber, hosta og tørka nasa i eit sett, og sååå slapp! Den enkle febermålaren, den som fiksar målinga på tre sekund i øyra, gjekk nyleg i golvet med eit brak og er erklært død. Eg trur likevel at jenta er mykje betre i kveld, og håpar at det går an å gå på jobb igjen som normalt i morgon.

Nokre fordelar har ein jo når ein er heime ein vanleg dag. Dette vart lunsj i dag, for meg. Salat med alt mogleg godt i: Vårløk, gulrot, sukkererter, isbergsalat, mais, couscous, kikerter, litt salt og peppar, litt sitron.

Prinsessa likar også litt forskjellig, men i dag var ynskjet couscous med berre tomat.


Og minstemor enda på eit knekkebrød... Jaja, det er også godt!
Eg har forresten vore snill i dag. Sjølv om eg har brukt ein "heime med sjukt barn-dag", var eg på jobb ein time. Det gjorde eg sist eg var heime med Prinsessa også, for å spare skulen for vikar den timen eg har ei klasse åleine. Elles har eg ofte timar som berre går vekk når eg er borte.


1 kommentar:

ariel sa...

Ja, det var eit velkjent dilemma. Eg har siste åra vore velsigna med hjelpsame besteforeldre og ein barnefar som kan jobbe heimanfrå. Sjølv fekk eg kommentaren "e du aldri sjuke, du?" frå ein elev som gjerne kunne ha tenkt seg fleire fritimar. Utakk er verdens lønn...