søndag 16. mai 2010

16.mai er vi så glad i:)

Eg tek ei lita oppsummering før den stooore dagen:)
Eg er mett og god etter ein nydeleg lasagne, med salat og varme rundstykke. Rømmegrauten er kokt i dag, den står i kjøleskapet klar til oppvarming, eg fann ut at det er enklare å koke og herje utan bunad... Fire bunadskjorter er strokne, eg overlevde i år også. Gele med vaniljesaus er ferdig. Fana til barnehagen til minstemor er på plass, eg er med i samarbeidsutvalet og fekk den store æra å ta med fana til toget i morgon.


Gubben har vore på jobb i dag, for 17.maikomiteen. Dei har pynta med bjørk her og der, pynta i hallen, ordna dei siste detaljane og gjort dei siste avtalane før morgondagen.

Men i går skulle du ha vore her! Alle dei tre skulekorpsa i kommunen var ute og marsjerte. Dei var til og med forsterka med musikantane frå dei to vaksenkorpsa. Til saman vart det rett og slett mykje liv, mykje lyd, smil og glede over heile fjøla.



Dei gjekk ei runde i sentrum, og så enda dei i den grøne lunga vår i sentrum, Åsendalen. Der stilte Hareid skulekorps med sal av sveler, kaker, kaffe og sjølvsagt lodd. Alle skulle levere to gevinstar, og eg var lur og leverte nokre fleire. Eg tok eit raid i kassa med diverse strikkeprodukt, og leverte frå meg luer, panneband, pulsvarmarar... Godt å få litt sirkulasjon! Men eg gløymde å sjå etter kva prinsessa tok med seg... Så eit sett med calorimetry og pulsvarmarar vart nesten med heim. Eg løyste det med å gje settet vidare til svigermor, så kan ho lodde det ut på basar fram mot jul;)

Tenk så kjekt det er å spele i eit så stort korps! Dei avslutta med 4-5 fellesnummer, og det var verkeleg flott!

1 kommentar:

lisje astrid's husblogg sa...

Hei♥
Kjempe herlege bilder du viser!Kjenner at eg gledar meg til morgadagen:)
Lurt å lage ferdig rømegrauten i dag;)

Ønskar deg ei flott 17.mai feiring♥
Klem frå Astrid:)