Toget gjekk på vanleg måte gjennom gatene i bygda, men enda på kunstgrasbana istaden for på stadion, som no er under oppgradering. Kunstgrasbana var flott til leikar, det var mogleg å tene seg mange karameller gjennom erteposekast, sekkeløp, potetløp...
Det var mange som tok fleire runder, for det gjekk fort å tene seg opp ei karamell til! Spikerslåing, trehjulssykkel og pilkast var også morsomme aktivitetar for alle. Dessverre var sola ikkje framme i dag. Det var opplett så lenge vi gjekk i tog, men etter ei stund kom regnet. Ikkje fossregn, men ein vert våt etterkvart likevel...
Når regnet er venta, er det praktisk å ta på seg skautet til Sunnmørsbunaden. Om ein vert våt i håret, vert sveisen litt kjedeleg. Med skaut er håret kamuflert, litt tørrare, og totalt kjedeleg når skautet vert teke av;)
Så etter tog og leikar gjekk vi heim og kosa oss med heimelaga rømmegraut. Deretter fekk bunadane fri. No nyt vi livet med beina på bordet, og i mjuke kjolar istaden for den litt "faste" bunaden.
7 kommentarer:
Eg vart så opptatt med erteposane og bøttene eg vart sett til å passe på at eg fekk ikkje med meg så mykje av det dei andre styrte med. Men eg meiner der var mange akrivitetar for dei små?
der er ikkje skaut til min bunad, men eg ser det praktiske i det, både i styggever og når ein har vore litt for sein å bestille frisørtime ...
Så fin du var med skautet ditt. Vi hadde ikkje slike skaut til bunaden vår vi litt elngre inn i fjordane. Det er ikkje skaut med til Ørskogbunaden.
Høyres ut som dere ahr hatt ein bra dag. Det har vi også, sjølv om vi feira den heime. Ha ei flott ny uke
Flotte bilete! Gratulera med dagen!
Må berre sitere frå Husfliden: Skautet kan brukast til alle bunadane frå Sunnmøre:) Eg har ein Ørskogbunad, som dei fleste andre på Hareid. Då eg var lita var det berre nokre gaaamle damer som hadde skaut, men no kjem dei yngre etter!
Så flott du er med bunadskaut!
Har det same sjøl, men dessverre ikkje fått brukt det enno. Syns det er stilig :)
Skikkeleg stilig dame med skaut! Ikkje alle kler det like godt. Til sognebunaden kan ein få ei litt komisk lue, men det har eg faktisk aldri vurdert å skaffe meg... Sunnmørsbunaden har ei veldig søt kyse for jenter òg, og ein flott cape. Då er ein pynta uansett vêr.
Jeg ante ikke at det gikk ann å hoppe så høyt i en sekk :D
Legg inn en kommentar