mandag 10. mai 2010

Kundebehandling er så mangt:)

Eg har vore utsatt for kundebehandling... Ikkje alltid god sådan! Men no har eg tenkt på nokre ting, og i dag fekk eg eit punkt til på lista. For i dag ringte ei overhyggeleg dame frå Tanum Hobbyklubben, og ho ville gjerne gje meg ein hobbypakke verdt 800 kroner. Jaja, det er gull å få pakkar. Det er berre det at eg nettopp meldte meg ut av Hobbyklubben! Så no vil dei ha meg tilbake, og då kjem det dryssande milde gåver, berre eg kan seie noko om kva eg likar å pusle med, og vere medlem i eit år.

Eg takka ja, då dama frista med Maskeball, som eg ikkje har...

Forrige helg sjekka eg mobilabbonnementet mitt, og fann ut at eg kan få det myyykje billigare dersom eg byttar frå Telenor til Ludo. Så då gjorde eg det. Og sporenstreks får eg brev frå Telenor, der dei foreslår eit Telenor-abbonnement som vil vere meir gunstig for meg enn det eg har no. Men der takka eg nei.
Dersom du ikkje har bindingstid og anna svineri, kan eg anbefale å ta eit besøk hos telepriser.no. Dersom du har fakturaen din klar, kan du kjapt legge inn normalforbruket ditt og få opp forslag til kva som er det beste abbonnementet til deg.

Elles har vi sjølvsagt opplevd at det lønner seg å true med å seie opp forsikringsavtalar, då kjem selskapet med gode prosentar til trufaste kundar, eller har oppdaga at du eigentleg har rett på litt lavare pris her og der...

For nokre dagar sidan fekk eg ein pakke frå Ellos, der rabatten eg var lova hadde blitt borte på vegen. Eg hadde ei kode med rabatt, og på bestillingsseddelen såg eg den lavare prisen. Men då eg fekk pakken, var det berre 30% på ein av tinga eg bestilte, og full pris på resten. Så då måtte eg sende mail til dei. Denne må eg kome tilbake til, for eg har ikkje fått svar enno.
Men eg lovar at dersom dei ikkje har eit veldig godt svar, kjem eg til å handle alle andre stadar i lang framtid.

Så det så.

2 kommentarer:

Greta sa...

Det iser seg ofte at det ikkje lønner seg åv ere trufast kunde. Mykje lurare å melde seg på og av. Skulle tru at det var bedre for bedriftene å gi prosenter til trufaste kunder. Men sånn er det altså ikkje. Mykje rart slik. Ha ein flott mandagskveld

solveig sa...

Heilt sant.
Eg irriterte meg lenge over banken. Ungdommane i familien drog kort gratis for småtteri, medan mora som hadde verva dei til kundar i same bank, måtte betale eit par kroner. 30-års kundeforhold var visst lite verdt.
Dette fekk dei høyre. Eg bad dei tenke over det medan eg vurderte å skifte bank.
Det enda med at eg fekk fordelane! Enden på visa var at då fekk mannen i huset lyst på same fordelane, og dei fekk ein kunde til. No har eg berre ei krukke med kontantar til loddsal m.m.
No er heile familien fornøgde kundar.