fredag 7. mai 2010

Kven tek alle timane mine?

Eg ser at det er mange dagar sidan eg var her sist! Og det er litt kjedeleg, for eg likar jo å oppdatere litt av og til. Men real life tek så mykje plass for tida! Det er mykje som skal gjerast, møte og anna på kveldstid kvar einaste dag, og eg ser ikkje at det går over heilt umiddelbart heller!

Men i dag rakk eg i alle fall å stikke ein tur over til nabokommunen for å kjøpe sykkel til Prinsessa. Ho har vakse frå den gamle, så no var det berre nødvendig å kjøpe ein større:) Og såååå lekker, mørk rosa og kvit! Den blir nok populær! No har ikkje Prinsessa fått prøve den enno, for ho er på overnattingsbesøk hos ei venninne. Dei har det nok fantastisk.

Dessutan var eg SÅ nær å ringe barnevernet i dag. Nei, eg hadde nok ikkje ringt dit heilt med ein gong, men eg var inne på tanken...

På kjøpesenteret la eg og minstemor merke til ein liten tass med grønt hår som sprang forbi oss i gangen oppe. Han var mindre enn minstemora mi på 3,5 år. Så gjekk vi på han i trappa på veg ned, og då tenkte eg over at han ikkje hadde nokon bak seg. Eg spurde han kvar mamma var, og han fortalde at mamma var heime. Pappa var på jobb. Jaja, kven er du saman med då? Nei, då var det ikkje fleire svar å få. Ei anna dame kom til, også ho var litt forundra over at han ikkje høyrde saman med nokon.

Guten spaserte kjapt frå oss, og eg vart ståande litt rådvill. Mon tru om han hadde nokon som "eigde" han på kafeen der borte, det såg ut som han tenkte seg dit. Nei, der gjekk han ut ytterdøra, gitt!

Då gjekk den andre dama etter, og observerte han i full fart ute mellom bilane. Ho fekk snudd han inn att, og han kom tilbake til trappa.
Der kom endeleg ei dame som såg etter han. Ho var heilt roleg. Det var ikkje mora, men ho kjende dei, sa ho. Kanskje var ho berre med på leiteaksjon, eg veit ikkje. Men eg var ganske stressa etterpå, for det tok faktisk ganske lang tid før han vart oppdaga. Tenk alt som kunne ha skjedd! Og hadde ikkje guten "blitt snudd" tilbake til bygget, kunne han lett ha surra rundt ute ei lang stund. Korleis skulle ein klare å finne igjen guten då?

Slikt er rett og slett nifst!

5 kommentarer:

solveig sa...

Huff, slikt er ekkelt! Eg gløymer ikkje ein gong eg plukka ei lite jente på 2-3 år ned frå rekkverket på Moldeferja. Faren stod på ein speleautomat. Ho sneik seg ut etter eit anna følgje. Eg gjekk roleg ut og plukka ho ned, men var temmeleg oppkava då eg overlet ho til faren. Eg veit ikkje om ha fatta alvoret. Det er nokre meter ned til bildekket for å seie det sånn.
Verken ferjer eller kjøpesenter er fristader for born. Ein kan ikkje sleppe augene av dei!
Det er lett å vere etterpåklok i slike situasjonar. Men foreldra fortener ein kipp!

Stubbetufsa sa...

Jeg skjønner ikke at det går an, men jeg vet det gjør det...
Foreldrene må ha nok med sitt, og lar ungene suse sin egen sjø, og så håper de det beste...
Nei, huff!
Gjør ungene dette for å bli sett? Og vi tør ikke melde det, i tilfelle det var en feil... Huff!

Greta sa...

Noe skulle bare aldri ha hatt bar. det er ok flere i de aldere som hadde likt å spakulert rudt åleie, me det kan dei berre ikkje. Håper dei tar vare på han no når dei fann han. ha ei fi helg

Frau Putz sa...

Jeg bliver også nogen gange ganske chokeret over den manglende ansvarlighed man ser i forhold til helt små børn.
Jeg er måske lidt af en hønemor, men jeg tager ingen chancer, når det gælder mine børn.
"Better safe than sorry" er mit motto, når det kommer til små børn.

God helg fra
Frau Putz

Strikkebesta sa...

Det er godt at det finns nokon som blir opprørt og oppkava over slike episodar! Ved å fortelje om det på bloggen din er du med på å gi slike "avslappa" foreldre ein aldri så liten oppstrammar, flott! Ønskjer deg ein fin søndag:)