torsdag 13. mai 2010

Sol!

Eg må berre vise kor fint vi har hatt det i dag! Vi har hatt ein rekordkald vinter og ein rekordsein vår, så vidt vi kan vurdere det. Gubben brukar å kommentere at snart snur sola, så då blir det vel betre... Men heldigvis er det enno over ein månad att til sola "snur", og det i teorien skal gå mot vinter igjen!
Du ser nok at det ikkje er så mykje grønt enno, bjørka er så vidt i startgropa. Men når vi berre får sola fram, er det jo uansett nydeleg her!


Vi sykla ein liten tur i dag, og stoppa ved ei lita badestrand. Enn så lenge var det ikkje snakk om å bade:) Dersom det berre vert ein fin sommar, skal vi nok tilbake!


5 kommentarer:

solveig sa...

Eg gjekk rundt vatnet i går og i forgårs, så i dag har eg lata meg med litt besøk og altankos!
Flott med stiar utan trafikk.

Liv sa...

Eg gjekk å tenkte i dag, at eg er jammen heldig som bur på Norges flottaste plass. Men det ser ikkje så verst ut hjå deg heller;) Me er heldige!
Fortsatt god helg til deg!

Sisselshverdag sa...

Deilige bilde "heimafrå". Beste tiden framfor oss :)

Greta sa...

Det er flott på sunnmøre og i sogn når våren er fin. På sommerstida også. Men våen er spesielt vakker syns eg. altså når den viser seg frem sånn den gjorde hos deg i går.
Håper dagen i dag vert like fin.
Ha ei super langhelg og ein flott 17. mai. klem

tintin sa...

Raudesanden forbinde eg med å skjere seg på glasbrot, sikkert fordi det var så mykje fleire glasflasker i min barndom.
Ja, ja, så lett va det altså å få heimlengsel...kan så vidt skimte barndomsheimen på eine bildet :)
Vakkert!