onsdag 16. juni 2010

Avslutningar- ein viktig del av oppkøyringa til ferie!

No skulle eg gjerne hatt bilete av alle moglege ulike aktivitetar, for det skjer jo ein god del i alle familier i desse dagar. Og på skulane, for den saks skuld. Det er fjellturar, strandturar, aktivitetsdag, idrettsdag, foreldrefest, avslutningssamling, you name it:)
Her er vi på 1.klassefest, fyrst program med sjarmerande fyrsteklassingar og deretter samling på Overåsanden med grilling og kos. Det er slike kveldar som eigentleg er heilt perfekte. Enkelt og greitt, fritt og fint. Det var litt for stor plass på stranda, for mange vart sitande langt frå kvarandre. På eit vis hadde det vore lettare å kome i prat med andre dersom det var litt trangare;) Det er ikkje alle som kjenner så mange av dei andre foreldra, og borna sprang jo fort og leika med dei andre....

Prinsessa mi song duett ilag med ei venninne. Ein fin liten song, som dei song på samlingstund for 1.-4.klasse i mai.

EIN FIN DAG I MARS såg eg snøklokka stå
med bjeller så kvite og fine.
Då tenkte eg, då trudde eg at no var det vår,
og kasta bort dei gamle skia mine.
Men vinteren, ja vinteren, den kalde kvite vinteren
var enno like kald.

Ein fin dag i april såg eg seljetreet stå
med gåsungar mjuke og fine.
Då tenkte eg, då trudde eg at no var det vår,
og kasta av dei varme kleda mine.
Men vinteren, ja vinteren, den kalde kvite vinteren
var enno like kald.

Ein fin dag i mai såg eg løvetann stå
med gullkroner lyse og fine.
Då tenkte eg, då visste eg at no var det vår
og kasta alle sorgene mine!
For vinteren, ja vinteren, den kalde kvite vinteren
var ikkje meir å sjå!

1 kommentar:

Greta sa...

Husker godt kor "travelt" det var i mai juni da vi hadde barna heim og var små. No er det ikkje slike ting meir. Syns ofte det vart mykje, men det er ikkje det vi huske no :). Det var jo stort sett kjekt ja.
Skjønn sang.
ha ei fortsatt fin uke.